hits

Erle frå første dag til 4 månadar

Det er 4 månadar og 4 dagar sidan veslesysta kom til verda. Eg skjønar nesten ikkje at tida har gått så fort, men kalendaren lyg aldri. 


Det har vore fire hektiske, men fine månadar. Med ein gutt på 2,5 år, to stebarn og jobb har ikkje dagane vore kjedelege for å sei det slik. Og det passar meg eigentleg ganske så bra. Er det noko eg ikkje er så glad i, så er det timar utan å gjere noko. Til det er eg for rastlaus.

Så korleis skal eg oppsummere desse 4 månadane anna enn at dei har gått raskt. For det første har det vore ei sann glede å få ei jente og ei veslesøster til Noah, og det finaste er å sjå dei to saman. Noah er veldig omsorgsfull sjølv om han kan være litt ekstra stri og ivrig innimellom. 

Erle er ei roleg jente. Ho søv stort sett heile natta, bortsett frå nokre netter der ho er svolten mellom klokka 03 og 05 (økedøgn som det visstnok kallast). Ellers finn ho roen i babygymen, og i vogna når vi er på tur. Ho smiler mykje og er stort sett i godt humør. Når ho våken er ho veldig våken, og elskar å prate og snu seg rundt på begge sider. 

Om ein god månad reiser mormor, Erle og eg på jentetur til Portugal. Eg gler meg veldig til å få tilbringe late dagar på stranda og bassengkanten. Er sjølvsagt litt spent på flyreisa, men eg satsar på at Erle finn roen i fanget og at alt går bra. Kjem tilbake til reisemålet seinare.

God helg!

Springerinneklem

 



 

2 kommentarer

Victoria Larsen

28.04.2017 kl.18:18

Nydelige bilder <3

springerinne

02.05.2017 kl.15:04

Victoria Larsen: :):)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv