hits

Frå "pusletrening" til meir trøkk

Det har vore tøffare kome i form etter Erle sin fødsel enn det var sist. Eg legg ikkje skjul på det og mykje av grunnen var nok den labre treningsperioden eg hadde dei fire siste månadane som gravid.


Foto: Kjersti Isaksen 02.05.17

Det einaste eg gjorde av bevegelse var å gå tur og trene bittelitt styrke når eg fekk ånden over meg. Får eg ikkje gjort det eg likar best, og ikkje kan ta i meir enn berre pusletrening blir eg litt motivasjonslaus. Difor har eg verkeleg fått kjenne på kor mykje eg hadde slept meg det siste halve året. Ikkje det beste når du er gira og tenkjer tilbake på formen før svangerskapet. Men men, det er ikkje noko å klage over. Gevinsten er jo så mange gonger større.

No er det altså litt over 4 månadar sidan Erle kom til verda og eg har trappa opp treninga litt og litt; både styrkemessig og på løpande fot. Sistnevnte går som regel for seg med vogn, og no er det ikkje så lenge til eg kan setje Erle i løpevogna. TFK vogna eg bruker idag er tung, men ikkje så aller verst likevel. Får iallfall ekstra trening med på kjøpet. Når eg løper med vesla går det i rolege turar, men med ein gong eg får ein tur åleine blir det intervall for alle penga. Sist økt på søndag blei den beste på år og dag; 5x5 minutt intervall her på Mosodden ( forholdsvis flatt) og det kjende eg godt resten av dagen. God følelse.



Styrketreninga eg gjer på Elexia har vore gull verd for løpinga. Ja eigentleg for det meste. Sidan februar har eg trena med vekter stort sett 2 gonger i veka, nokre gonger har eg fått 3 økter. Då joggar eg til senteret som oppvarming, set Erle i kidz avdelinga og får ein time åleine. Øvelsane eg køyrer er som regel markløft, knebøy på halvmåneball, gåande utfall, planken, andre mage og ryggøvelsar, benkpress ( for moro), og andre overkroppsøvelsar med vekter. Benkpressen er moro fordi det er så målbart. Det går som regel ein f.i meg kvar gong eg begynner i benken og no er eg snart oppe i 65 kg. Klarte 2x60 idag, så det nærmar seg. Kvifor tenkjer du kanskje? Jo små gleder er vel svaret:)hehe

Ha ein sprek dag.

Springerinneklem

 



 

2 kommentarer

Victoria Larsen

02.05.2017 kl.18:51

Jeg ønsker deg en flott tirsdag :-)

detjegvillesi

04.05.2017 kl.19:25

Hei! Ville bare legge igjen en liten hilsen til deg. Jeg har selv hatt et vanskelig forhold til mat veeldig lenge, og selv om jeg sakte blir bedre og bedre, er det alltid greit med litt positiv inspirasjon - og det er denne bloggen. Den viser at det er verdt å kjempe! Så takk for det.

Hilsen meg

PS: Har selv nylig åpnet en blogg med dikt om tanker jeg har rundt spiseforstyrrelsen og alt som følger med. Ta gjerne en titt: http://www.detjegvillesi.blogg.no

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

39, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 4, og Erle på 2 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv