hits

Når kroppen faktisk funkar

Er det ein plass som avslører både form og løpesteg er det tartandekket. 



For ein som har drive med friidrett for lenge sidan er det ikkje "berre berre" å prøve seg att. Hovudet hugsar godt kor fort og lett det gjekk i gamle dagar, men så var det denne kroppen då. Muskulaturen er ikkje heilt den same kan du sei. Likevel klarar eg ikkje alltid å la være å løpe nokre sprint drag viss eg får moglegheita. 

I dag kom altså denne moglegheita sidan niesa mi som også diggar løping, ville teste tartandekket. Ho er 400 meter løpar og har nyleg vore på treningsleir i Portugal. Med andre ord litt meir robust for baneløping enn gamlemor. Likevel gjekk det betre enn forventa. Hamstrings lugga litt, men slett ikkje så ille som eg trudde på førehand. Vi løpte først 100 meters drag og deretter nokre 200 metrar. Veldig moro, men avslørande når det kjem til teknikk. Eg ser tydeleg at eg må jobbe betre med armane, og eg manglar spesifikk løpsstyrke i beina. 200 meter er heilt greitt, men noko lenger i høg fart er verre. Likevel synes eg det er digg å kjenne at mammakroppen faktisk funkar.
Takk Ingrid for at du " tok meg med".

Sjekk Instagram #Springerinne for videosnutt

Springerinneklem

 

Én kommentar

Victoria Larsen

07.05.2017 kl.18:27

Så inspirerende! :)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv