hits

Har løpe teknikken min endra seg med åra?

På bilde til høgre gjennomfører eg siste hardøkt før Hoved NM i 2003. Dette er tatt på heimestadion Byrkjelo ( av bt). Bilde til venstre er frå helga.

Det er lenge sidan eg har fått filma min eigen løpeteknikk. Med to småttisar og over år 10 sidan eg satsa har ikkje dette vore første prioritet, men i helga fekk eg niesa mi til å forevige løpestega. Vi filma med sakte video (Iphone) slik at det er lettare å få med seg detaljane. Midt i blinken, og superlett hvis du har ein treningskompis til rådigheit. Anbefalast.

Trykk på bilde under for FILM.

Etter å ha sett gjennom film snuttane ser eg endringar samanlikna med då eg satsa. Det går ikkje an å oversjå. Kroppen er ikkje på langt så sterk som før, den tåler mindre, er meir skade utsett og både farten og kondisen er merkbart dårlegare, men eg misser ikkje motet av den grunn. Eg ynskjer berre å "leike" meg på bana, og ha som mål om å bli betre på følgjande. 

1) Jobbe med armbruken. Her synes eg dei heng litt for lavt. Dei kunne også gått meir i fartsretningen. 
2) Skyve opp og fram med hofta. Unngå å falle saman ( som du ser ein tendens til på bildet over).

Arbeidsoppgaver:
Bli sterkare i hofte, sete og kjernemuskulatur, samt leggar. Dette kan trenast som spesifikk løpestyrke utendørs og med vekter innendørs. Armane er noko eg berre må være observant på under alle treningsøktene. 

Det er sikkert ennå meir eg kan pirke på ( kanskje du ser noko? ), men ein skal ikkje bli heilt fanatisk heller. Vi har jo alle vår unike løpestil, og viss den fungerer er ingenting betre enn det. Eg er ialfall superhappy for at eg framleis kan leike meg på løpebana, og kjenne på gode gamle sommarfuglar. Så får det heller være at eg ikkje klarar å halde meg på forfot, bruke armane 100% riktig og skyve fram hofta på eit 800 meter løp lengre.

Trykk på bildet under for FILM

 



Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

39, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 4, og Erle på 2 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv