hits

Har du tid, er dette noko eg anbefalar!

Etter at eg såg DENNE episoden av Hellstrøms kjøkken på TV3 ( for eit par år sidan) fekk eg lyst å prøve å lage vårrullar sjølv. Etter den første gongen fekk eg dilla. 


Det er slett ikkje vanskeleg, og du treng ikkje noko frityrgryte for å få eit godt resultat. Eg steiker dei panna i olje og etter nokre minuttar er dei ferdige. Arbeidet før derimot tek lengre tid, men det er det vel verd når du set tenna i dei crispy rullane.



Eg pleier å kjøpe filodeiga på ein innvandrarbutikk, samt grønnsaker. Av og til lagar eg berre ein vegetar variant, men i går tilførte eg også kjøttdeig. Grønnsakene kan ein variere, men eg likar godt fennikel, gulrot, rødløk, kvitløk, vårløk, squash, ingefær, chili og agurk. Du kan ha andre typar grønnsaker også, alt etter smak.

Kuttar alt i skiver / bitar og steiker kjapt i panna og tilsetter litt soyasaus og salt og pepper. Legg alt på eit bakepapir til det er kaldt. Filodeiga har eg lagt under eit vått handkle slik at den blir enklare å arbeide med. Legg ein klatt med fyll midt på deiga og rullar saman. Bruker piska egg som lim i kantane. Deretter er det berre å steike raskt på alle sider og servere med ris, chilisaus og soyasaus. Digg! 





Ellers har veka gått med til arbeid, barn og trening. Har fått løpt eit par solide intervalløkter, og trent styrke. Idag derimot tek eg fri, og satsar på ei ny intervalløkt i morgon. Deilig å kjenne at formen begynner å kome seg. Håpet er å være i så pass form i Portugal om tre veker at eg kan løpe litt på friidrettsbana der. Må jo vekke gamle minner:)

Springerinneklem




 

Én kommentar

elisebr

14.05.2017 kl.17:35

Så nydelig og godt det så ut! :)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv