hits

Små gleder

Det er rart å tenkje på at eg ikkje trena mellom september og februar ( pga bekkenet i siste del av svangerskapet) og så få oppleve at den treninga eg ha lagt ned dei siste tre månadane faktisk har gjeve meg store framskritt. 


H6dBvu7cdLM

Nei, eg har ikkje teke noko test eller konkurrert, men etter mange år som løper veit du kva du har gjort før og ikkje minst kva følelse du har når du spring den og den økta.

I dag valde eg å løpe på mølla då det hølja ned med regn, og for å plassere Erle i kidz avdelinga. Det blei 5 x 4 minutt på 15-16 km/t ( under terskel) og nokre kortare drag på høgre fart til slutt. Synes det er greitt å avslutte med kjappe drag for å piffe opp muskulaturen. Og for ein følelse. Det er så lenge sidan eg har løpt på ein slik fart uten å kjenne på melkesyra. Beina flaug avgårde, og pusten var heilt fin. Ja, det høyres sikkert teit ut, men for ein som elskar løping er det vanvittig moro.

Eg var deppa på same tid i fjor. Ikkje fordi eg var gravid, men fordi eg kjende meg uggen, kvalm, i dårleg form og bar på mange tankar. Tankar om kropp og tankar om det vesle eg bar på i magen. Eg var bekymra for å miste, bekymra for at noko var gale og i tillegg litt bekymra for meg sjølv. Det er difor så fantastisk godt å kjenne på gleda av at Erle har det fint, og at mammaen kjenner seg pigg og frisk. 






Til helga går turen til Sandane og konfirmasjon. Det blir Erle sin første ordentlege langtur i bil, men med storebror ved si side blir det nok med liv og røre.:):)

Eg avsluttar med å sende bursdagsgratulasjonar til min kjære ektemann og til storebror Nils Ove som fyller henholdsvis 45 og 51 år i dag! Gratulerar begge to!

Springerinneklem

 

 

Én kommentar

Victoria Larsen

18.05.2017 kl.22:24

Jeg ønsker deg en fin kveld :-)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv