hits

I bok om gamle idrettsheltar

På laurdag, like etter ankomst Sandane og Nordfjord fekk eg besøk av NRK journalist og forfattar Rune Fossum Lillesvangstu. Han skriv bok om gamle idrettsheltar i Sogn og Fjordane, der eg er så heldig å få være ein av dei utplukka. Og her snakkar vi om idrettsfolk som har gjort det bra på tvers av fleire idrettar,-  frå mange år tilbake til nyare dato. 


I dag fekk eg lese gjennom artikkelen om mi eiga karriere. Om malinga av OL ringane på soveromsveggen, om tida eg var sjuk og ikkje minst om dei aller beste friidrettsminna på mellomdistanse.

Det var fint skreve, og det vekka mange kjensler. Brått blei det første store løpet utanfor fylket som 13 åring gjennoppliva. Ja, eg kan nesten kjenne på nervane her og no. Og ikkje minst opplevelsen av å løpe inn til seier på NM i 800 meter på heimebane( Byrkjelo). 

Eg gler meg stort til å lese boka som ennå ikkje har fått navn, men som kjem ut i løpet av året. 


Deilig med sol forøvrig...

 

Springerinneklem

 

 

.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv