hits

Påmeldinga til løpekurset er i gang

Eg har begynt å få inn påmeldingar til løpekurset som arrangerast 13. og 20. juni. Er ikkje heilt i mål med å få fyllt opp antal deltakarar, men håpar det vil ordne seg i løpet av dei neste par vekene.



På dei to kveldane av løpekurset vil du lære deg å løpe meir effektivt på flat mark, i oppoverbakke og unnabakke. I tillegg gjev eg deg gode tips til øvelsar som gjer deg sterkare løpeteknisk. Eg filmar deg og gjev deg både filmar og individuell tilbakemelding på mail i etterkant.

Siste kull i april ga mange gode tilbakemeldingar som eg set stor pris på. Eg vil gjere mitt beste for at neste "kull" skal oppleve det same.

INFORMASJON
Løpekurs tidspunkt:
Tysdag 13.og 20.juni kl.18.00-19.15
Oppmøte: Cirkle K ved Strandtorget
Målgruppe: For alle uansett nivå
Pris: 950,- totalt for to kveldar
Påmeldingsfrist: Tysdag 6.juni
Påmelding til: kriroset@gmail.com


Vel møtt!

Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv