hits

Det er SOMMAR!

Eg anar ikkje kor lenge eg har venta på slike temperaturar, men det er LENGE! Eg elskar sommar over alt. Berre det å kunne rusle ut av døra i shorts og singlet er toppen av mykje!


Dei siste to dagane har vore heilt fantastiske. Ungane er lettkledde, det same er vi og smilet er ikkje langt borte når sola skin og himmelen er blå. Energien kjem momentant.


Veka har vore hektisk, med fire barn og fullt kjør. Eg har likevel fått tid til å både jobbe, trene og være mamma. Husvask har måtta lide litt, men det får så være. 

Dagen i dag blei starta med ein rolig løpetur saman med Noah i Babyjoggeren. Uroleg som han er ville han ut av vogna, så då blei det litt titting på fuglane og steinkasting i Mjøsa. Kjekt å sjå kor ivrig han er når han slepp laust utanfor husets fire veggar. Fin start på dagen. Ellers har det gått i luking av ugras i hagen, plenklipping, shopping til Portugal-tur om ei veke( med mormor og Erle) og barnekos.

Ha ein fin laurdag:)

Springerinneklem

 

 

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv