hits

Eg utfordra startnummerskrekken

For eit år sidan meldte eg meg på alle Sørdalskarusell løpa, men så blei eg gravid nokre veker før det heile begynte og eg fekk berre med meg 1 løp. Det var ikkje den beste opplevinga, men kom meg i mål på viljen. I dag, fem månadar etter fødsel og med berre 8-10 intervalløkter sidan i fjor på same tid meldte eg meg på Hovemoenløpet. Ja, eg venta heilt til konkurransedagen med å trykke på send knappen. Ellers hadde eg sikkert trekt meg...


Eg kan ikkje legge skjul på at eg var ein tanke spent. Ikkje på plasseringa, for det bryr eg meg ikkje om, men på kor vondt det ville bli. Eg er ikkje den som gir 50%. Har eg startnummer på skal eg være heilt utsleten i mål. 

Taktikken blei å opne roleg, auke på undervegs og løpe alt eg hadde siste kilometeren. Med pulsklokka på armen heldt eg nokolunde kontroll på kor eg låg og kor mykje eg kunne presse. Og faktisk klarte eg å følge planen. På siste kilometeren løpte eg forbi mange og i mål var eg heilt tom. Perfekt. 

Nei, eg enda ikkje i toppen blant damene. Faktisk blei eg nummer 22 av totalt 90 damer, men med ein andreplass i klassa er eg super fornøgd. Det er tross alt berre 5 mnd. sidan fødsel og med så lite trening siste året er eg stolt over å ha fullført 5 harde kilometer i ulendt terreng. 

P.S Kjekt å sjå så mange løparar stille til start på eit karusell løp. Nesten 300 stykk er mange. Her må det vel være nokon som kunne tenkje seg å delta på løpekurs?

Springerinneklem

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

39, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 4, og Erle på 2 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv