Løpekurs, - men kor blir mannfolka av?

Vi blei ein fin liten gjeng på løpekurs i forgårs; tre kjekke jenter som likar å springe, og som ynskte rettleiing teknikkmessig.

Vi gjekk gjennom alt frå armbruk, holdning, høg hofte, sette foten i bakken under deg m.m. Mykje blei filma slik at både deltakarane og eg kan sjå kva som kan forbetrast. Sjølv om eg ser kva som kan optimaliserast der og då, er det vel verd å sitje i ro og studere teknikken i slow motion etterpå. 


Om ei veke blir andre kvelden arrangert, og eg gler meg til å treffe jentene igjen.

Det som likevel overraskar meg er kjønnsbalansen. I løpet av dei siste tre åra har eg hatt ein del løpekurs, og på samtlige har det vore eit stort fleirtal av damer. Eg er usikker på kvifor, for eg ser svært mange menn som også kunne trengt å piffe opp teknikken. Er det nokon som kan gje meg eit svar på dette?

Springerinneklem


 

3 kommentarer

Victoria Larsen

15.06.2017 kl.16:39

Så flink du er! :)

Barbro

16.06.2017 kl.12:01

Det er vel slik at alle menn "veit best sjøl" eller ikkje tør å be om hjelp 😉

springerinne

20.06.2017 kl.13:08

Barbro: Det skal vi ikkje så bort i frå nei:):)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

37, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. Idag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, er blitt mamma til Noah på 2 år, og lille Erle på 0. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar idag for Dagbladet, har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett og kan "treffast" på kriroset@gmail.com

Kategorier

Arkiv

hits