hits

Et maten din!

Det florerar av bloggar og nettsider som handlar om mat og kor sparsom ein må være på det og det for å kome i form. Dette blir slukt av dei som er opptekne av kropp, trening og mat, og mange av dei er så unge at dei ikkje har nok kunnskap om kva kroppen faktisk treng.

Sjølv nærmar eg meg 40 år, altså ei godt vaksa dame som dei siste fire-fem åra endeleg har fått eit normalt forhold til mat. Slik var det ikkje frå eg var 18 til over 30. Då trena eg som ein gal, åt minimalt, las om protein og slukte alt av såkalla supersunne oppskrifter. Den unge kroppen såg etterkvart ut som noko heilt anna enn i 20 åra. Med eit innsunke ansikt, rynker i huda og ein tynn kropp som skreik etter mat var det ikkje eit vakkert syn akkurat. 

Dessverre ser eg dette både her og der blant både unge og eldre. Eg ser slitne kroppar som treng næring og godt stell. Det gjer vondt langt inn i hjerterota, fordi eg veit kva slags helvete det er å leve slik. 


Kostliste er ikkje det kulaste å få servert når du har ein spiseforstyrrelse. Eg kasta den første gong eg fekk den i henda. Det kom ikkje på tale å ete noko som var langt utanfor mine spiseforstyrra grenser. Då eg kom til den rette dama, fekk eg være med på å bestemme mi eiga kostliste. Det funka mykje betre. (Bilde er frå ein artikkel i Aftenposten i forbindelse med bokutgivelse i fjor).
 


Her har eg opplevd det eg aldri trudde skulle skje; - å bli mamma ( til Noah). Artikkel frå VG 2014.

Å kutte ned på måltid, ete kun salat og protein og aldri unne seg noko godt gjer ikkje berre noko med organa innvendig og med utsjånaden, men det gir ustlag humørmessig, du blir redd for å møte opp i selskap / på festar, du lukker deg inne og får ein dårleg livskvalitet. Trenar du mykje i tillegg vil kroppen til slutt seie frå med å bli skada, bryte bein og gje deg eit dårleg immunforsvar. Og kva med å ha muligheten til å få barn ein gong. Du tenkjer kanskje ikkje på det no, men kva om 5 år og det viser seg å være for seint. 

Det er ikkje kult å gå rundt som eit deffa skjelett. Det er lite pent å sjå på, det øydelegg kroppen din og du risikerer ufatteleg mange smertefulle konsekvensar på sikt. Difor er rådet mitt å ete seg mett, ete variert, unne seg noko godt med god samvittighet og halde seg i form med normal trening. Du blir verken stor eller feit av å gjere desse tinga. Kroppen treng mykje meir næring enn du trur. Det har iallfall eg oppdaga, og eg ser vel ikkje akkurat feit ut sjølv om eg et fire måltid for dag og kosar meg med både det eine og det andre.....



Å ete ein slik is då eg var sjuk ville vore som å banne høgt i kirka. Det tillot ikkje spiseforstyrrelsen. I dag kosar eg meg med is rett som det er. 


Frå helga som var.

Og eit sist tips: Ikkje les bloggar / nettsider som fokuserer på overdreve sunt kosthold og trening. Det var noko av det første eg måtte droppe då eg gjekk i behandling. Det du les og ser kan ha ei fryktleg påvirkning, og har du problemer med mat og kropp bidreg ikkje desse sidene med noko positivt.

Springerinneklem

 

3 kommentarer

Thomas Frydenberg

20.06.2017 kl.14:08

Sterk historie dette her. For en innsats du har gjort!

springerinne

21.06.2017 kl.10:43

Thomas Frydenberg: Takk, livsviktig innsats vil eg sei:)

Sandra Marie

20.06.2017 kl.16:55

Sterk du har vært som har kommet deg ut av det <3

Kan jeg spørre om noe? - hvordan man kan egentlig vite at det har "gått" for langt, når det kommer til det her? svar gjerne på melding i stedenfor her:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv