hits

6 nydelege månadar

Veslejulafta-16: Med heimelaga rømmedressing stappa av kvitløk til pizzaen, og besøk av ein sykkelproff ( som blei fadderen din) gassa eg meg med godt på veslejulafta. Forma var fin,- ingenting tyda på at du Erle skulle banke så hardt på "døra" som du gjorde nokre timar etter. Brått var taxien utanfor huset, og mammaen din på veg til sjukehuset i rekordfart.



Og frå taxituren gjekk vegen vidare i sprint tempo. Makan så dårleg tid du hadde. Eg fekk nesten ikkje papsen på plass før du kom, - og det på sjølvaste julafta.

Erle, du er eit halvt år om nokre timar. Det er vanvittig rart å tenkje på at tida har gått så fort. Du har vore med på mykje desse seks månadane. Mest av alt på trening og jobb. Etter nokre få veker møtte du barnepassen på Elixia Lillehammer, og ikkje minst har du vore med på mange oppdrag for Dagbladet. Eg har sprunge med deg i vogna heile Lillehammer rundt, og vi har saman lært å kjenne dei fleste småvegar. I tillegg har du vore med på jobbtur til Oslo, heimreise til Vestlandet og ferie i Portugal. Men det aller viktigaste; du har opplevd å være med storfamilien, og lært å kjenne storebror Noah. Dokke to kjem til å få det kjekt framover.

Gratulerar med halvt årsdagen kjære nydelige dattera mi. 

Springerinne og mammaklem
 

8 kommentarer

liksomfruen

23.06.2017 kl.23:18

Så koselig :) Tiden går alt for fort! Den må bare nytes :) Ha en fin st.hans videre :)

springerinne

24.06.2017 kl.17:56

liksomfruen: Tusen takk. Ja tida står iallfall ikkje stille. Av og til kjennes det litt dumt, men det er tross alt likt for alle:)

krist.in

23.06.2017 kl.23:30

så utrolig nydelig <3

springerinne

24.06.2017 kl.17:56

krist.in: Tusen takk:)

Heidi

23.06.2017 kl.23:49

Gratulerer :) Så nydelig bilde av dere :) Har selv tvillinger på snart 6 mnd, og merker at tiden går fort. Er viktig å bare kose seg med babytiden så mye man kan :)

springerinne

24.06.2017 kl.17:55

Heidi: Tida går så vanvittig fort. Kosar meg så mykje eg berre kan:)

Thomas Frydenberg

24.06.2017 kl.11:28

Rart hvor fort tiden flyr. Dere må ha hatt litt av en julaften.

springerinne

24.06.2017 kl.17:55

Thomas Frydenberg: Ja det kan eg love deg:):):)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv