hits

Test av aktivitetsklokke

Eg har aldri vore så glad i desse voldsomme sportsklokkene som dominerer håndleddet. I tillegg synes eg det er irriterande å måtte bruke pulsbelte for å vite kva pulsen ligg på. Når eg har fått ny pulsklokke, har det difor vore moro i starten, og så har den berre blitt liggande i skuffa - lite brukt.

Men så oppdaga eg sykkelvennnna mi si klokke. Ein liten og nett sak som faktisk såg bra ut på armen, og som hadde dei funksjonane eg ser etter; vanlig klokke, datovisning, hjertefrekvens, og valget mellom ulike treningsprofilar - heilt utan ekstrautstyr som pulsbelte. Det heiter visst aktivitetsklokke/armbånd, og har vore på markedet ei god stund. Det er berre eg som er litt treg:)

Uansett, - eg tok turen til sportsbutikken der eg kjøpte Polar A360. Det er ikkje den nyaste modellen, men heilt fin for mitt bruk. 
I starten skjønte eg ikkje kvifor displayet "svartna" etter nokre sekund. Eg måtte enten trykke på ein knapp, eller riste på handa for å aktivere displayet. Turen gjekk difor nok en gang til sportsbutikken for å høyre om dette var normalt. Ja, det var det visst. Strømsparing er ei av årsakene. "Dumme" meg reiste heim att, og skjønte at dette må eg berre bli vant til. hehe...Det gjekk ikkje lang tid før dama syntes det var heilt greitt.:)

Når du koblar klokka til Macen/Pcen får du opp Polar sitt program, kor du kan sjå treningsøktene dine. Dette har eg aldri vore så interessert i før, men faktisk er det litt morsomt, 

Eg likar Polar sin A360 veldig godt, og det kulaste er at den er så liten og nett, ser bra ut og har akkurat dei funksjonane som eg er ute etter. Hadde displayet vore aktivt heile tida ( uten touch eller håndristing) ville den fått topp score. Men då hadde vel strømmen daua altfor kjapt, og skapa irritasjon på den måten. HER kan du lese testen som blei gjort av DinSide.

Springerinneklem frå ei som ikkje er den mest frika personen på utstyr:):)

 




 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

39, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 4, og Erle på 2 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv