hits

Slik gjer eg langturen litt kjekkare

Det var ein grunn til at eg likte 800 meter i si tid- fart kombinert med styrke, spenst og kondisjon gjorde treninga morsom og motiverande. Og det passa min kropp.

Det er ganske så likt i dag. Eg diggar intervall, bakkesprint, vanlig sprint, spenst og styrke. Joda, eg spring langturar, men som oftast må eg sprite dei opp med noko spenstig. Synes rett og slett det blir for kjedeleg å berre løpe 10-15 km i rolig fart. Så det eg ofte gjer, er å avslutte med sprintdrag eller spenst i for eksempel ei trapp eg finn i nærleiken.



I sommar har det kome opp eit utsiktstårn ved Lågen ( Mosodden) der eg som regel legg treningsturane mine. Trappene til topps er perfekte for trappespenst, men for deg som likar trappeløp er det for kort. Då er Lysgårdsbakken betre( eller ein anna hopp bakke).

Eg har aldri vore noko spenst eller sprintdronning, men eg merkar forskjell på løpinga viss eg er flink til å legge inn sprint, spenst og styrke i tillegg til den vanlige løpinga. Det går raskare, eg får ein betre løpsøkonomi og kroppen tåler litt fleire støytar enn viss eg berre spring utan noko form for anna trening,

Til deg som synes langturar kan bli vel monotomt og umotiverande. Legg inn nokre sprintdrag i midten eller på slutten av økta. Ein anna dag kan du legge inn trappespenst viss du passerer ei trapp undervegs. Då får du litt av begge deler; kondisjon, spenst/hurtighet og litt meir moro på treninga.


No er det helg her. Har ikkje dei store planane, og eigentleg er det litt deilig det og.

Ynskjer mine gode lesarar god helg:)

Springerinneklem 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

39, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 4, og Erle på 2 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv