hits

Svar på spørsmål angåande Haglunds Hæl

Når eg er inne på bloggsida mi kan eg sjå kva slags innlegg lesarane mine er spesielt interesserte i. Det som går att er: Feiltrent eller overtrent, og skaden; Haglunds Hæl. Sistnevnte har eg skrive ein del om sidan eg har opererert begge hælane for ein del år tilbake, i tillegg til ei sak eg har skrive i Dagbladet.


Dagens hæl...

Fekk nyleg spørsmål rundt Haglunds Hæl, som lyder på følgjande.

Hei! Vet du hva du kan gjøre for å unngå å få Haglunds Hæl igjen? Vet du hvorfor du fikk det i utgangspunktet? Hvor lenge etter operasjonene gikk du i slippers? Kan du gå med alle slags sko i dag? Tar du i dag noen hensyn til det mht. treningen? Har man større sjanse for å få dette igjen når man har hatt det før? Er det noen ulemper med operasjon? Kan det få noen andre komplikasjoner? Fikk du gode råd av legen for plan for opptrening? Hvor lenge etter operasjon hadde du vondt på operasjonsstedet, og hvor lenge var det stivt? Var det legen som sa 14 dager mellom eller følte du da selv at du var klar? Hvor mange dager gikk du på krykker etter bein 1 og bein 2? Når var første økt ute på sykkel? Synes du disse smertene før operasjon lignet på akillessenebetennelse-smerte


Ikkje det penaste synet. Foten til venstre er nyoperert, medan den andre ventar på tur.
 

Svar: Eg fekk Haglunds Hæl fordi eg har løpt vanvittig mykje opp gjennom åra, og har løpt ein del med smerter i hælane utan å ta så mykje hensyn. I tillegg skal det ikkje forundre meg at eg har anlegg for å få problem med hæl og akillesområde.

Eg blei anbefalt å operere begge to fordi eg hadde ein klar utvekst på begge beina. For å minske restitusjonstida valde eg å ta begge på omtrent same tid, men for å unngå å sitje i rullestol første veka opererte eg med 2 vekers mellomrom. Då kunne eg sleppe krykkene før neste fot skulle under kniven. Eg gjekk med krykker kanskje i ei veke, men i løpet av den veka tråkka eg forsiktig på foten og begynte å sykle på ergometersykkel etter nokre dagar. Det skal seiast at eg ikkje fekk gips, berre bandasje som eg skifta sjølv. Stinga blei tatt rett før neste fot skulle til pers.
Eg var super redd for å bruke foten etter første operasjon, sjølv om eg fekk beskjed om at det ikkje var farleg. Den andre foten var eg ikkje så redd for, då eg visste at det ikkje gjorde noko om eg belasta den litt. Det som derimot skjedde etter nokre månadar med første foten var at det sette seg eit arrvev i såret som gjorde vondt. Dette opererte eg bort etter 1 år. Det tok då 10 dagar, og eg kunne løpe att.

Etter operasjonane gjekk eg mykje med slippers for å unngå at skoa gnagde på operasjonssåra. Det såg sikkert heilt idiotisk ut der eg gjekk tur med bikkja i slippers både morgen og kveld, men det fekk så være. Det er viktig å unngå sko som gnager på såret.

Om smertene likna på ein akillesbetennelse hugsar eg ikkje heilt, men det er jo klart at det ikkje er heilt ulikt då områda ligg veldig nær kvarandre.

Det tok lang tid før eg kunne løpe uten noko form for stivhet og smerter etter operasjonane. Faktisk tok det opp mot 7-8 månadar før eg var fornøgd med løpsfølelsen, men eg fann glede i sykling og det gjorde ikkje vondt.

I dag: Eg har antydning til smerter i eine hælen, og eg brukar korkhæl i skoa ( under sålen) for å unngå gnaging i hælkappa på løpeskoa. Bruker desse i nokre av dei vanlege skoa også. Hadde eg ikkje hatt desse korkhælane ville eg nok hatt temmeleg irriterte hælar ennå. Eg løper meir enn gjennomsnittet, og det går greitt. Ikkje 100%, men så pushar eg nok det litt meir enn vanleg. Hadde eg derimot ikkje operert ville eg garantert hatt sjukt vondt, og ikkje fått løpt i det heile tatt.

Håpar svaret hjalp litt.



Springerinneklem

 

Én kommentar

Lene Sofie

11.07.2017 kl.11:04

Tusen takk for godt svar! Når turte du/klarte du å sykle ute? Og hvor lenge i ettertid av operasjonene hadde du vondt? Og husker du hvor lenge etter operasjonene du klarte å gå normalt? Fikk du øvelser for opptrening og veiledning på økning i belastning? Beklager mange spørsmål, men syns det er interessant og hadde vært supertakknemlig for svar. :-)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv