hits

- Du er for sta til at jeg kan hjelpe deg!

Hei!
Kan eg spørre deg om, då du gjekk til psykolog og fekk hjelp av den rette dama. Var det privat psykolog eller var det en psykolog med avtale/knytta til helfo. Eg har jo aldri fått den hjelpen til å komme meg heilt ut av sjukdommen (4 tilbake fall) og slit med etevegring og tvang, sjølv om eg ikkje er så veldig undervektig. Blei henvist av legen til psykolog, men har blitt videresent til fire psykologar og ikkje fått den hjelpen eg treng. No har det snart gått eit år utan behandling og har mast på legen om å henvise meg til en ny behandler, men har stadig fått avslag og no er eg så drit lei. Noko råd?

Hei kjære deg!
Eg prøvde ufatteleg mange behandlingar, både gruppeterapi, og fleirfoldige rare psykologar. Ingen av dei "traff meg" viss du skjønar. Ho eine sa at eg var for sta til at ho kunne hjelpe meg. Det kjekt å høyre....

Men så fekk mor mi kontakt med ei dame som visstnok skulle være veldig flink på dette med idrett og spiseforstyrrelsar. Eg var jo framleis idrettsutøvar i hovudet, sjølv om eg hadde lagt opp. Eg måtte derimot vente ei stund før eg slapp til då ho var veldig opptatt, og populær viss eg kan sei det slik. 



Ingenting av dette gjekk gjennom fastlegen eller ein anna avtale. Det var vel reine skjær flaks at mor fekk kontakt med denne dama. Trur ho brukte ein del tid på å sjekke det ut, utan at eg visste noko.

Det å få ein behandlar som du stolar på er utruleg viktig. Eg vil sei heilt avgjerande. Skulle gjerne gitt deg både navn og telefon nummer til "dama mi", men veit ho har ventekø på 1 år og er sprengt i arbeid.

Skjønar at du er dritt lei, men har du tankar om å kanskje måtte reise et stykke for å få behandling? Det er ikkje like lett å finne den rette viss du bur på ein liten plass. Det er ikkje sikkert du treng å reise til vedkomande meir enn 1 gong i månaden viss det klaffar mellom dokke, og du kan ha kontakt via mail og telefon. Det er vel verd det, - for å leve eit liv med spiseforstyrrelse er heilt forferdeleg. Det er rett og slett ein kvardag med evig begrensning. Eg anbefalar i tillegg medisinen Soloft. Eg gjekk på den i mange år, og hadde eg ikkje brukt den, - ville eg nok ikkje hatt det så bra som eg har det idag.

Håpar dette hjalp litt.

Springerinneklem

 

 

7 kommentarer

Meg

20.07.2017 kl.19:06

Takk for innlegg. Med første på overskrifta trudde eg du meinte at eg var sta, hehe:). Bur i Oslo og her er det alt for mangen behandlarar. Dei behandlarane som eg har hatt har ikkje truffe meg heller og eg har ikkje heilt greid å opne meg opp heilt då eg har blitt videresendt så fort. og eg veit at der er lang ventelister, Men vurderar stekt å skifte fastlege og prøve å starte heilt på nytt med blanke ark.

springerinne

21.07.2017 kl.09:00

Meg: hehe, nei det var nok meg eg meinte:) Ok, så du bur i Oslo ja. Der burde det være ein som er rett for deg. Er berre om å gjere å finne den. Skift fastlege først og be han / ho hjelpe deg og ikkje vær redd for å pushe på!!!!!

Linda

20.07.2017 kl.20:37

Synes det er vanskelig å lese med den nye skrifttypen. Lyst til å bytte tilbake? :)

springerinne

21.07.2017 kl.08:52

Linda: Takk for at du seier ifrå. Har endra no:)

Meg

21.07.2017 kl.10:32

Kan no være sta eg også, hehe. Men gir aldri opp og eg veit at ein dag vil eg blir frisk sjølv om det tar lang tid og eg når alltid mine mål. Fortsatt god sommar til deg og dine:)

springerinne

22.07.2017 kl.15:49

Meg: Ikkje gje opp!!!!!! God sommar til deg også!!

Linda

21.07.2017 kl.17:44

Ah, deilig at du endret :)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv