hits

Beste starten på dagen

Å starte laurdagen med solskinn og ein kjapp motbakketur til flott utsikt over Lillehammer er å anbefale. 

Heile familyen tok turen til Korperberget eller Masta som eg seier, i fjor sommar. Det gjekk ikkje så raskt den gongen med Noah i bæremeis, men eg blei kjend med stien og dermed fekk eg eit fint utg.pkt for seinare motbakketur. Den tok eg klokka 08.30 idag ( etter å ha vore oppe med Noah sidan 0630) og fekk ein kjempefin utsikt i gevinst. Ja, eg fekk til og med ein firbeint kompis i selskap på turen. Bikkja stakk regelrett av frå heimen sin på veg opp, og blei med både på tur og retur. Blei litt nervøs då han stod på kanten av stupet og keik ned, men sannsynslegvis hadde han vore der før. Det gjekk iallfall bra.



Nydeleg utsikt over Lillehammer. Ingen menneske i sikte, - berre eg, stien utsikten og bikkja.


Det er ein veldig kort tur; eg brukte ikkje meir enn 12 minutt opp frå parkeringsplassen, så den store treningsøkta kan eg ikkje skryte på meg, men pulsen var høg i motbakkane, så litt trim blei det. 

I kveld ventar jenteaften med to kjekke damer, og då blir det sikkert litt prosecco på terrassen:) Gler meg.

Ynskjer dokke ein fin laurdagsettermiddag og kveld.

Springerinneklem
 

Én kommentar

elisebr

22.07.2017 kl.16:52

Så fine bilder! :)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

39, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 4, og Erle på 2 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv