hits

Når venninna pushar deg

Eg har som regel alltid trent åleine, - ja om det er løping, sykling, ski eller styrke. Og som oftast er det heilt greitt. Det er noko eg er vane til, og med familie er det ikkje alltid like lett å avtale ting. Heldigvis betyr ikkje det at ein MÅ være einsam på trening resten av livet. Iallfall har eg funne ei herleg venninne som diggar styrketrening. 


Eg har aldri vore den som har lagt opp til spesifikk styrketrening; at eg skal ha det og det. Det har eigentleg berre enda opp i spontan trening og lite tanke bak verken type muskelgruppe, antall repetisjonar osv. Med andre ord; litt av alt kvar gong. Men når eg trena med Hanne i dag, bestemte viss oss for visse øvingar, antal repetisjonar, vekt og seriar. Ho introduserte meg for nokre nye øvingar, og vi køyrde på. Hanne er ikkje redd for å legge på belastning for å sei det slik. Iallfall klarte eg å løfte meir i knebøy enn eg trudde på førehand. Ja faktisk klarte eg 70 kg x3 rep. Det var moro for ei som ikkje er vane med å pushe låra til det ytterste. I tillegg køyrde vi hiptrust på 80 kg + nokre andre øvingar som chins, slynge, og triceps.


Hanne i full gang med knebøy...Sterk dame.


Ståande roing med stang.

Å trene styrke har fått ein ny dimensjon når eg kan dele ei slik stund med ei god venninne. Og det er berre digg at ho pushar meg.

Springerinneklem
 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv