hits

Eit treningsapparat - mange øvelsar

I fjor sommar kjøpte eg Abilica Doorgym ( nei ikkje sponsa). Eit treningsapparat du kan bruke til mange forskjellige øvingar. Eg likar meg best på treningssenteret, men er tida knapp og muligheten ikkje byr seg, tek eg fram Doorgymen. Her er nokre av øvingane du kan køyre.


Dips: Plasser Doorgymen på golvet eller på terrassen slik som her. Køyr så mange du klarar, gjerne tre seriar.


Push ups med bredt grep: Køyr så mange du klarar, gjerne tre seriar.



Push ups med smalt grep: Køyr så mange du klarar, gjerne tre seriar.



Og ein liten tass som sjølvsagt måtte prøve...



Chins / Chinup: Denne øvelsen er tung. Eg klarar mellom 8 og 10 på første serie, så går det nedover på dei neste....


Chins med bredt grep: Det fine med Doorgymen er at du har muligheten til fleire grep. Alle foto: Helle Tofthagen



I går gjekk turen til fjells med dei to minste. Erle sat i bæreselen, medan Noah gjekk og løpte og sat i bæremeisa. Det blei ikkje ein topptur( Neveltoppen) slik vi hadde tenkt, men turen blei fin for barna og det er det viktigaste. Niste er sjølvsagt obligatorisk på ei slik utflukt:)

 


Ynskjer mine kjære lesarar ein fin mandag:)

Springerinneklem
 

2 kommentarer

Tone

31.07.2017 kl.11:49

Spreke begge 2 ;-) Effektiv den doorgymen der 😁 Vi har samme!! Så greit å bare kunne gjøre litt øvelser hjemme!!

springerinne

31.07.2017 kl.20:26

Tone: Ja det er heilt topp viss behovet melder seg og du ikkje har muligheten til å ta turen til tr senteret.

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv