hits

Erle frå nyfødd til 7 månadar

For spesielt interesserte:
Etter å ha kike tilbake på fjoråret, på alle gravid oppdateringane, føler eg for å gje ei lita oppsummering etter at vesla kom til verda på julafta ifjor. Det er litt over 7 månadar sidan, og det einaste eg kan sei frå denne tida er: Det har gått så fort, og makan til snill og god jente kunne eg aldri drøyme om.
 


Julebarnet mitt.

På sjukehuset: Kjekt med juletre, men ikkje det samme som å være heime. Uansett var eg så glad for å ha fått ei frisk jente, at eg brydde meg lite om at det var jul.


Endeleg heime: Eg ynskte veldig å reise heim samme dag, altså på julafta, men valde å vente til 1.juledag.


Trøtt: 2 dagar gammal, og i djup søvn.

 


På jobb oppdrag: Det tok ikkje lange tida før vesla blei med på jobb. Her frå eit oppdrag for Dagbladet 1,5 månad gammal.

 


Storebror og veslesysta: Det var ikkje like lett første veka. Noah merka at mamma var meir opptatt enn vanleg, og viste det på sin måte. Heldigvis tok det berre nokre få veker før han godtok situasjonen. I dag er dei gode venner.

 


Mor og datter.


Søskenkjærlighet: - No må du pusse gommane søster!


I bæreselen: På sin første vesle fjelltur på Balbergkampen.


I sin første konfirmasjon: ..til fadder Johanna.



Ferie i Portugal (5 mnd.): Du var ikkje så glad i varmen, men eg trur du kosa deg likevel.


Frøken syden: Godt med strandtelt i den portugisiske varmen.


7 månadar og "stor" jente: Tenk at du er blitt så stor jenta mi. Om berre 2 månadar begynner du i barnehagen. Det blir rart.

Erle!
Du har vore snill som dagen er lang heilt sidan du blei fødd. Du søv heile natta, et det du får servert, søv litt til på dagen, smiler og ler. Du er blitt vane til storebror sine fanteri og tåler meir enn eg kunne tenkje meg. Ja, du er rett og slett heilt fantastisk. Og å sjå dokke to småttisane mine saman er ufatteleg nydeleg. Tenk at mamma er så heldig.

Springerinneklem

2 kommentarer

Hilde

02.08.2017 kl.15:03

Hei!

Jeg ville revurdert å sende en 9måneder gammel baby i barnehagen! Det er jo så alt for tidlig! Skal ikke pappaen hennes ha permisjon?

springerinne

02.08.2017 kl.15:24

Hilde: Jupp, det skal han. Ho skal ha 80% barnehage. Gjorde det samme med Noah og det har gått heilt fint. Slik er det når begge foreldre må jobbe.
:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv