hits

Sommerminner i bilder

Jammen er det kvardag att, og då er det greitt å minne seg på at sommaren faktisk har vore ganske så fin. Utanom den tidlige jenteturen til Portugal i juni, har vi tilbrakt sommardagane her på Lillehammer og ein på liten tur til hytta vår i Stryn, med eit besøk til barndomsheimen Sandane.

Er du i Strynområde anbefalar eg på det sterkaste å ta den nye gondolbana " Loen Skylift" til fjellet Hoven. Då ser du så langt auga rekk, og det er rett og slett eit utruleg vakkert skue. Er du svolten kan du gasse deg med deilig mat heilt ut på fjellkanten.

Å være på hytta utan internett og nesten inga dekning, med snurredass og vatn i elva er ei rein friheit innimellom. Sjølvsagt ikkje dumt å kome ned på fruktgåren og få vaska seg litt, men vi storkosar oss på fjellet. Noah var iallfall i sitt ess.

Noah fekk prøve seg i morfars gravemaskin. Det var stor stas. Han ville helst ikkje forlate den "spennande redskapen".

Eg avslutta sommarferien med ein ekte sommarfest, og var så heldig å bli invitert til Ås saman med 30 andre. Eg kjende ein person før eg kom ( Sindre ned til venstre), men då eg reiste derifrå dagen etter kunne eg telle opp langt fleire bekjentskap. Det er lenge sidan eg ha hatt det så moro, og håpar eg får treffe desse herlege menneska ved ei seinare anledning. Takk Sindre og Hege!

Mammapermisjonen begynner også å tikke på siste slutten. Far skal ta sin perm 1 dag i veka og i oktober begynner vesla i barnehage. Innan den tid jobbar eg for Dagbladet, og skal snart begynne i ein ny spennande jobb( deltid).

Springerinneklem

4 kommentarer

Dagsvermer.no

14.08.2017 kl.15:48

Så herlige bilder :)

Lykke til fremover!

springerinne

19.08.2017 kl.22:20

Dagsvermer.no: Tusen takk:)

Åsberte

16.08.2017 kl.02:08

Det huset så veldig kjent ut. Svømmebasseng i hagen eller?;)

springerinne

19.08.2017 kl.22:19

Åsberte: Ja:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv