hits

Kven er eg?

Har fått nokre spørsmål på mail om eg ikkje kan skrive litt meir om kven eg er, utanom det som står i headinga og på høgre side av bloggen. Veit ikkje kor interessant det er, men sidan lesarar spør, får eg prøve. 

På Snapchat er eg ganske så aktiv. Det tok ei stund før eg lasta ned appen, men etter å ha fått innføring frå mine tantebarn og stejente, har eg verkeleg fått smaken av snap. Det er så kjekt å kunne sende bilder, og nokre ord raskt og enkelt. Følg meg gjerne på Springerinne.

På Instagram er eg også aktiv. Synes det er moro å legge ut nokre gullkorn av bilder, eller berre eit heilt kvardagsleg bilde som betyr noko for meg. Følg meg gjerne på @springerinne.

På matbutikken har eg som regel ein handlelapp i handa, men eg ser sjeldan på den før eg omtrent er framme ved kassa. Det skal seiast at eg nesten har hugsa alt, og litt til...kremt..

På kjøkenet er eg ok når eg først set i gang. Likar å lage nye ting, og er spesielt fan av asiatisk mat, spansk tapas og skalldyr. Det er vel eigentleg lite eg ikkje likar, men rømmegraut og blodpudding kan eg styre unna.

Familie betyr mykje for meg. Både min eigen ( sjølvsagt), og familien på Sandane. Mine to eldste brødre med koner og barn bur like ved mor og far, så det er alltid liv i leiren når eg reiser heim på besøk. Veldig kjekt å ta med Noah og Erle heim til mormor og morfar og alle syskenbarna.

Om år og alder; eg er snart 40 og må innrømme at kjennes fjernt ut. Føler meg veldig ung til sinns, og klarar ikkje heilt å forstå at eg blir 38 i oktober. Det same gjeld barna mine, eg skjønar ikkje kvar tida blir av. Plutseleg er Noah snart 3, og Erle 8 månadar. Sukk....

Om Lillehammer; No har eg budd her i 3 år ganske så nøyaktig, og angrar ikkje 1 sekund på at eg flytta til denne nydelege byen. Er rett og slett blitt fryktleg glad i min nye heimstad, og vil nok bli buande her til eg blir gammal og grå.

På badet; Ja, kva skal eg sei. Det er som regel eg som brukar minst tid der då eg tek meg av våre to små barn på morgonane. Sminken legg eg foran kjøkkenspegelen, då eg har full oversikt over Noah og Erle. Men, får eg ein halvtime åleine på badet, set eg på musikk, køyrer på med full hårvask og fersk maling i ansiktet.

På treningsstudioet likar eg å trene åleine eller med ei av mine treningsvenninner. Vi elskar å løfte tungt, så det passar bra. Er sjeldan på timar, men har prøvd Indoor Running eit par gongar. Ganske så kjekt.

På møter er eg tidleg ute. Likar ikkje å kome for seint, og likar heller ikkje at andre gjer det. Er som regel bra førebudd.

På jobb tar eg sjeldan heilt fri, men sann er det å være sjøvstendig næringsdrivande.

På ferie vil eg mest av alt slappe av, bade, sole meg, trene litt, ete masse god mat og drikke deilig vin.

På stranda er eg den som vil bade i sjøen / havet, sole meg, drikke Mojito og nyte livet.

På fest er eg den som dansar med ein gong musikken startar. Det har eg gjort sidan ungdomsskulen. 

På internett er eg ofte. Mest av alt på telefon, og då er det nettaviser, friidrett.no, snap, insta og face som gjelder.

På kino er eg svært sjeldan. Siste besøk var på den norske filmen Bølgen. Er altfor dårleg på filmar. Skulle ynskje eg var litt meir interessert, for det finst nok mange flotte opplevingar som eg har gått glipp av. Dokumentarar er eg derimot svært glad i.

Bak rattet er eg nok litt for kjapp i svingane, men har lært meg å ta det meir med ro etter at eg fekk barn.


Min første bil som berre var min. Rauden kalla eg han ( Volvo C30 2.0).

I diskusjoner seier eg i frå viss eg har ei sterk meining, men er temmeleg laidback viss eg kjenner at diskusjonen er langt bak mål.

Som mamma; er eg nok litt streng, men også snill og kosete. Er vaksen opp i ein heim med gode verdiar, og det å lære seg å stå på eigne bein. Trur nok eg kjem til å formidle det vidare.


Gulla mine som eg elskar overalt på jord.

Ved middagsbordet er vi enten fire eller seks. Det er er hovedmåltidet for dagen, og noko alle gler seg til. På menyen står enten laks, torsk, spagetti bolognese, kylling, gryterett, pølse og potetstapp, kjøtkaker etc. Men i helgane køyrer vi på med god gammaldags pizza, taco, lasagne. Er vi berre to vaksne til bords, blir det som regel litt meir gourmet i helgane.

Ynskjer lesarane mine ein fin dag vidare:)

Springerinneklem

 

 

 

2 kommentarer

Victoria Larsen

22.08.2017 kl.14:46

Så utrolig artig å lese! :-))

springerinne

22.08.2017 kl.15:14

Takk Victoria:) Har fått ein del mail om å skrive litt meir om kven eg er, og då var det berre å prøve:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv