hits

Om å komme i form att etter fødsel nummer 2

Eg får kanskje ikkje så mange kommentarar her inne, men mailboksen min fyller seg opp med spørsmål. Eg trur mange er redde for å skrive navnet sitt i kommentarfeltet, men det kan eg berre avkrefte no, at det ikkje er nødvendig å være redd for. Du kan være heilt anonym. E-post adressa di er det kun eg som ser. Så fekk vi bekrefta det.

Siste innspurt...

Vel, eg har fått ein del mail på korleis eg har trena etter fødsel nummer to. Mange har fått med seg at eg sleit med å trene i det siste svangerskapet samanlikna med det første. Eg fekk problem med bekkenet, og syntes dei siste 4 månadane var pyton reint treningsmessig. Dei fem første var heller ikkje så veldig bra då eg var mykje kvalm og uvel. Med Noah derimot gjekk alt på skinner, og eg kunne trene på overtid. Med Erle var det rake motsetningen. Det einaste som funka var å gå turar, og trene superlett styrke. Kroppen jobba i mot meg.

Etter fødsel tok det rundt 7-8 veker før eg kom meg på Elixia for mi første styrkeøkt. Løpinga begynte eg ikkje med før etter 8-9 veker og då gjekk det temmeleg roleg for seg. Eg merka godt at forma var dårlig etter lite løping halvåret før. Ja, eg har vel aldri løpt så lite nokon gong som eg gjorde mellom august 2016 og februar 2017.

Det blei nokre fine skiturar før fødselen. Mykje betre enn å løpe....

Eg bestemte meg for å trene styrke 2-3 gongar i veka, rett og slett for å bygge opp att muskulaturen eg hadde før eg blei gravid. Eg begynte forsiktig, og kjende at for eksempel knebøy ikkje var det beste å starte med. Bekkenet skreik Au, så det gjekk i enkle øvelsar som ikkje gav smerter. Det var såpass vondt ein periode at eg oppsøkte lege for å sjekke underlivet. Om det var noko hakkande gale "der nede", men beskjeden eg fekk var berre at livmora fortsatt var i "bevegelse", og ikkje heilt klar for å ta imot fleire kilo med vekter eller fleire kilometer på løpande fot. Heldigvis ordna dette seg, og frå april/mai kunne eg trene for fullt med både styrke og løping. 

Etter det har det gått superfint. Eg har auka på med intensitet på løpeøktene, og har køyrt på med tunge vekter i styrkerommet. Kroppen fungerer veldig bra, og har gjort det sidan seint i vår.

Det å føde nummer to, " berre" 2 år etter nummer 1 er noko heilt anna enn å gå gravid for 1 gang. Iallfall for min del. Det er sjølvsagt heilt individuelt korleis kroppane våre er laga. Nokre er like friske og fine uansett, medan andre får bekkenløsning allerie i første svangerskap. 

Mi anbefaling til alle dokke som er vane med å være aktive, men som opplever at svangerskapet ikkje går som planlagt i henhold til den treninga du er vane, har eg desse tipsa: Ikkje ta det så vanvittig ille opp. Prøv heller å nyte at du har eit liv i magen, gå turar og vit at kroppen ordnar opp etter at du har fått gullet i henda. Du har mange fleire månadar og år å leve der du kan være så aktiv du vil. Men begynn ikkje for raskt etter fødselen. Køyrer du på og gjer blanke i smertene kan det ende med langvarige problem. 

 


Glad for å være ferdig med fødselen ( på julafta).

Eg kjenner ingenting etter fødselen i dag. Det har rett nok gått 8 månadar om to dagar, men berre det å kjenne progresjon har vore motiverande nok for min del. No skal eg ikkje ha fleire barn, og veit at framtida byr på så mykje trening eg berre vil. Då er fjorårets svangerskap med sine oppturar og nedturar ikkje noko eg tenkjer på lengre. Det var vel verd å ta det med ro, då gevinsten på julafta i fjor var verdas beste.

I full trening. Her i Portugal i juni.

Springerinneklem

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv