hits

Kvifor løpekurs?

Nokre er skeptiske. Kvifor delta på løpekurs? Eg kan no springe eg vel. Det er jo så enkelt og effektivt. 
Og ja, det er jammen enkelt og effektivt. Det er det ingen tvil om, men så er løping kanskje den mest belastande treningsformen. Du møter bakken med et "brak" (altså mange gonger vekta di) og i løpet av en time på løpande fot blir det ganske mange harde støt. Ennå verre viss du velger asfalten kvar gong.


Fra sist løpekurs i juni..

Eg har løpt sidan det var muleg å få den eine foten framfor den andre. Heldigvis hadde eg ein pappa som var veldig nøye på teknikken. Hugsar den dag i dag maset om å føre armane i rett retning, ikkje lande rett på hælen og bruke grus mest mulig. Eg synes til tider det var temmeleg irriterande å bli irettesett stadig vekk, men til slutt satt teknikken og då eg begynte å satse på løpinga var det ikkje teknikkterping som stod i fokus. Den hadde sett seg ganske så automatisk etter utallige timar på løpande fot.

Alle har sin eigen løpestil, og eg er ikkje ute etter å endre drastisk på den, men enkelte ting er greitt å få på plass. Det er det eg vil med løpekurset mitt. Å gjere din løpeteknikk så optimal som mogleg slik at du får mest muleg ut av kvart steg, både økonomimessig, og mest muleg skånsomt.

Etter at eg la ut løpekurset for september i går, kom første påmeldinga inn. Håpar fleire tar motet til seg å melder seg på. Det er ingenting å være skeptisk til. 

Sjå meir om løpekurset HER og HER.

Påmelding sender du til kriroset@gmail.com.

Springerinneklem

4 kommentarer

Victoria Larsen

25.08.2017 kl.14:12

Flink!! :-D

springerinne

25.08.2017 kl.15:56

Victoria Larsen: :)

Barbro Ramstad

25.08.2017 kl.19:47

Kjenne godt til terpinga på armbruk, frå min egen far og bror 😂

springerinne

28.08.2017 kl.14:20

Barbro Ramstad: Ja ikkje sant:):) hehe

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

39, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 4, og Erle på 2 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv