hits

Mi trening i dag

Eg har ikkje skrive så mykje om korleis eg trenar i dag. Det har ikkje vore hovedfokus her inne heller, då eg er redd for at nokon skal tenkje negativt med tanke på bakgrunnen min. Men eg får stadig spørsmål om korleis eg trenar, kor mykje og kva eg legg vekt på i treninga mi både frå treningsvenninner, lesarar og andre. Tenkte difor at eit eige innlegg om det kunne være passande no.

Det eg likevel vil skrive først, og som er viktig for meg å poengtere er følgjande:  Ja, eg trenar meir enn gjennomsnittet blant Norges befolkning, men eg et godt, og er ikkje redd for å nyte det gode liv. Eg trenar av lyst, og som regel har eg ein fridag i veka. Nokre gonger fleire fridagar- alt etter familie, turar, jobb etc.

Etter at Erle blei fødd, gjekk det ei stund før eg kom inn i ei god treningsrutine. Kroppen hang ikkje heilt med, så eg brukte dei to-tre første månadane på roleg aktivitet. Etter det har kroppen fungert betre og betre, og eg har auka både mengde og intensitet sakte men sikkert. Gleda over treninga har også auka på, noko eg kan takke formstigninga for, og ikkje minst mine gode treningsvenninner her på Lillehammer.

Ei god treningsveke ser omlag slik ut...( her kan eg ikkje sette opp konkrete dagar då eg sjeldan planlegg kva eg skal gjere den og den dagen, difor set eg eg berre opp dag 1, dag 2 etc). Brukar mølla ein del sidan Erle ikkje er i barnehagen ennå. Kidspassen på Elixia er difor gull verd.

Dag 1) Oppvarming 10 minutt løp,mølle: Intervall: 5x 5 minutt. Aktiv pause: 1,5 minutt. Nedjogg 5-10 minutt.
Dag 2) Oppvarming 2000 meter roing. Styrketrening ( med vekter) ca.1 time.
Dag 3) Rolig løpetur med vogn 8-10 km.
Dag 4) Fri
Dag 5) Oppvarming 2000 m roing. Styrketrening 1 time ( med vekter).
Dag 6) Oppvarming 10 minutt, mølle. Intervall for eks. 2x5 min-2x4min-2x3 min-2x2 min- 2x1 min. Nedjogg: 5-10 minutt. Eller ein anna variant: 3 x 10 minutt eller 7 x 4 minutt.
Dag 7) Rolig løpetur med vogn 8-10 km.

Eg føler at formen har stige veldig denne sommaren. No kan eg løpe langintervallane på 16-18 km/ t på mølla der pulsen ligg rundt 160-165. Det kunne eg aldri gjort for 4 månadar sidan.  Det viser jo berre kor viktig det er å trene jamt og trutt og kor mykje trening faktisk er ei ferskvare.

No skal eg avslutte litt Dagbladet arbeid, og så ventar det ein venninnekveld.

Springerinneklem

 

2 kommentarer

linnogjohnny

03.09.2017 kl.20:38

Ikke vær redd for at noen skal tenke negativt. Du er superflink og sprek - og dette ser bra ut i mine (ufaglærte, vel og merke..) øyne. Stå på! Ha en flott kveld og en flott, aktiv uke :)

springerinne

05.09.2017 kl.14:21

linnogjohnny: Tusen takk. Kjekt å følgje med deg også og gratulerer med flott løping på KK mila:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv