hits

Frå "død" til levande

Juni 2011:
Tittelen høyres kanskje grotesk ut, men det er det er faktisk sant. Det er akkurat slik eg føler det. Så langt har dette vore det beste året på eg veit ikkje kor mange år. Eg føler meg så levande.


Her visste eg knapt kor eg var, men eg hugsar eg var sjeleglad for å få hjelp ( Aker sjukehus 2009).

Hadde nokon fortalt meg på same tid i fjor ( 2010), at eg skulle vege 10 kilo meir året etter, hadde eg begynt å gråte - av REDSEL og HYSTERI. Eg hadde aldri trudd på det, aldri ville godtatt det, og iallfall ikkje villa det. Då var alt så håplaust. Berre det å ete eit eple meir enn det som var planen, var nærmast katastrofe. No tenkjer eg ikkje over det eingong.

På bilete over var eg redd for å dø. Hadde meir enn nok med å puste, og være bevisst. Trudde aldri at eg skulle ende opp på sjukehus fordi eg drog strikken for langt. Var bestemt på at eg skulle klare å halde meg unna sjukesenga, men så sa berre alt stopp. I dag er det vanskeleg og forstå at eg kunne gjere dette mot meg sjølv, - og andre. Eg fattar ikkje kva eg tenkte med. Det som er sikkert, er at når ein er så svak sviktar organa som vanlegvis held deg oppe. Hjernen blir einspora, og klarar ikkje å følgje med. 

Det er rart at kroppen likevel finn fram energi nok til å overleve, men det er vel difor vi menneske er så unike.

I dag: Du kan ikkje sjå at denne jenta har vore gjennom 13 år i eit reint etehelvete. At denne kroppen stod opp klokka 04.00 på svartaste natta for å trene, for deretter og jobbe på fulltid som redaktør og så trene igjen - uten anna mat i kroppen enn smular. Det er umuleg å sjå at dette hovudet var hekta på kaloriar, måtte vege seg i tide og utide og ikkje takla det å bli invitert på ein stakkarsleg lunsj, eller at alle høgtider var eit reint helvete.

Å leve utan begrensningar i kvardagen er ei friheit eg fortsatt set enormt pris på. Berre det å kunne nyte ein chipsbolle på kveldinga utan å måtte gå på do for å spy, eller trene som ein gal dagen etter, er fantastisk. No er dette lenge sidan det var eit problem, men med alt kroppspresset som finst i dag kjenner eg faktisk på takknemlegheita over å være der eg er. Hadde eg vore 10 år yngre og sjuk, ville dagens samfunn gjort meg ennå sjukare. 

Det er difor dette innlegget kjem no. Eg registrerar eit enormt kroppspress " der ute". Og ikkje minst får eg fryktleg mange mail frå jenter som slit. Dei er usikre,og føler seg ikkje komfortable med eigen kropp. Ja det er så ille at alderen tilseier langt under det eg nokon gong kunne sett for meg då eg sjølv sleit. Det gjer meg bekymra og til tider paff.

Eg veit ærleg talt ikkje kva som kan hjelpe. Det er lite å gjere med samfunnet, sosiale media og meir til. Muligheitane for å å la seg påverke er enormt tilgjengelege. Barn ned i 10 års alder sit jo på rommet sitt med Ipaden...

Det einaste eg kan formidle er at det å hige etter ein bestemt kroppstype, eller ei bestemt vekt ikkje gjer deg noko meir lukkeleg. Du endar berre opp med å "ville ha meir". Du blir aldri fornøgd. I tillegg må eg berre advare mot det å gå inn for å miste mensen. At det liksom er status, og viser ein form for kontroll. Det er så ufatteleg feil som det går an å bli. INGEN har godt av å leve slik. Det vil berre gje deg ein kø av bivirkningar som du ikkje vil sette pris på om nokre år. Dette veit eg ALT om, - og anbefalar det IKKJE.

 

Springerinneklem





Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv