hits

Forfengeleg, eg?

Spiseforstyrrelsen gjorde meg ikkje berre deppa og lite sosial, men eg brukte også fryktleg lite tid på å pynte og  sminke meg. For det første hata eg mitt eige speilbilde, der fann eg jo berre feil. Kleda eg valde var svarte for å skjule mest mogleg av skikkelsen min, jeans var uaktuelt fordi eg innbilte meg at dei berre blei trongare og trongare og kvifor skulle eg stashe meg opp når eg likevel takka nei til sosiale happeningar. Det enda med å sjå ut som bilde under: Tynn og trist, rynkete og ein utsjånad som tilsa mange fleire år enn det fødselsattesten viste.

Bilde 1: På tur med mor i 2009. Tynn og skrukkete i ansiktet.  Bilde 2: I dag. Litt meir jentete, og 8 år eldre.

Då eg endeleg fekk behandlinga som funka, begynte ting sakte men sikkert å endre seg, men det var først då eg fekk mensen igjen ting verkeleg begynte å skje. Eg fekk eit enormt behov for å forandre sveisen, kjøpe nye kle, skodilla kom tilbake som aldri før. Ja, VISA kortet fekk verkeleg kjørt seg ein periode. Den gode gamle Kristin som troppa opp på vidaregåande i platåsko og trange 501 bukser viste seg att 13 år etter. 
Sjølvsagt skjedde dette ikkje over natta. I starten måtte eg utfordre prøveromsskrekken, og berre det tok si tid. Der var det jo nesten umogleg å snu seg vekk frå speglane. Men behandlinga eg fekk gjorde meg sterkare og sterkare. Sjølvtilitten sneik seg innover den grå og triste jenta litt etter litt.

Eg er nok ikkje den einaste som har opplevd ei slik endring i kropp og hovud når ein endeleg finn tilbake til seg sjølv. Og eg veit at det kan være skremmande i ein lang periode. For;- ja kan komme nokre tårer når du oppdagar at buksene du kjøper i ein friskare kropp er større enn før, det kan også stikke til i magen av dårleg samvit når du endeleg tør å sjå deg sjølv i spegelen i ein litt nyare versjon. Slik er det, og slik var det for meg også. Men det er i denne perioden av behandlinga du ikkje må gje opp. Tenk for ein fantastisk jobb du har gjort til no, tenk på kor mange gode år du vil få foran deg som meir sosial, tenk på sjølvtilitten som sannsynlegvis vil auke litt etter litt og tenk på kor sterk du blir av å stå i ein slik situasjon.

Eg kunne aldri tenkt meg å ende opp i den sjuke kroppen ein gong til. Eg trivast altfor godt med å være sunn, sterk og feminin. Og ikkje minst trivast eg ufatteleg godt med å ikkje ha alle dei vonde begrensningane som spiseforstyrrelsen gav meg. Utfordringa no er heller å begrense VISA kort bruken:)

Springerinneklem

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv