hits

Ikkje like enkelt å flytte til ein ny by

Å flytte frå ein trygg jobb i Askim ( Birken) til ein ny by, høggravid og utan fast jobb var temmeleg tøft for tre år sidan. Joda eg hadde tid til å søke jobbar medan eg var i permisjon, men det har verkeleg ikkje vore lett å finne ein fast journalistjobb her på Lillehammer. Det har enda med at eg har søkt på heilt andre jobbar, vore på intervju men ikkje komt så mykje lengre. Heldigvis ringde Dagbladet våren 2015, og ville ha meg som frilans. Der har eg vore sidan, og har levert langt over 100 saker, hovudsakleg til Dagbladet Pluss ( nett). I begynnelsen av september i år derimot, fekk eg tre faste sider i Dagbladet Helg ( papiravisa på fredagar) med plass til trening og helsestoff. Det er tre sider eg set ENORMT STOR pris på, og legg mykje arbeid i. 


Noah kom like etter at vi blei Lillehamringar.

Men å være frilans er ikkje ein 100 % jobb, så då Lillehammer Fotballklubb ringde meg i begynnelsen av august på spørsmål om eg ville tre inn som markedsansvarlig, kunne eg ikkje seie anna enn at det høyrtes veldig spennande ut. Så no sit eg her med to spennande jobbar; den eine som journalist for Norges største avis ( atmed VG) og ein jobb for våre lokale fotballheltar, og ikkje minst den enorme breidda under. 

Eg har verkeleg fått kjent på saknet etter å ha tilstrekkeleg med arbeid. Det er noko med det å føle seg til nytte, og ikkje minst det å kunne være med å bidra til familien. Eg har alltid likt å jobbe, gjere noko fornuftig og strekke til. Følelsen av å ikkje få moglegheita til nettopp det, har rett og slett vore tungt å svelge. Heldigvis har eg ein vilje til å ikkje gje meg, og kjenner at jobben med å utvikle mitt eige firma (Springerinne) har gått sakte men sikkert rette veg. Så opp i alt prøver eg å kjenne på stoltheten over å ha fått eigne bein å stå på, og no føler eg endeleg at ting begynner å løsne.


Erle med på eit av dei første jobboppdraga etter fødselen, - 1,5 mnd gammal.

Til no har eg hatt med Erle på nesten kvart einaste jobboppdrag. Enten i vogna, i bilstolen eller krabbande på golvet. Det har stort sett gått greitt, men no som ho er snart 9 månadar er det ikkje så enkelt lengre. Ho er superaktiv, vil krabbe overalt og skal ha oppmerksomhet. Då er det godt å vite at ho om to veker skal begynne i barnehagen, der storebror er. Det blir ikkje fulltid, men 80 %. Magefølelsen seier at det kjem til å gå fint, då ho er godt vane til å møte nye menneske rett som det er, men ein veit aldri. Det blir spennande å sjå.



Litt større no...

Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv