hits

Gratulerer med 9 månadar jenta mi!

Medan syklistane i VM i Bergen syklar som berre det, tenkjer eg meir på at jenta mi er 9 månadar gammal i dag. Erle,-som blei fødd på julafta har allereie blitt like gammal som då ho låg i magen. Tida har gått so forbaska fort.

Erlemin beveger seg kjapt framover no, og er i fullt vigør. Og det kjekkaste ho veit er å leike med storebror. Ja sjølv om han tek alle leikane i frå ho. Her er det ikkje snakk om å dele før mamma blir litt streng og seier i frå. Hehe:) Ganske så fasinerande å observere:)

Medan mannen er på VM i Bergen har vi hatt besøk av mormor frå Sandane. Til stor hjelp for meg, og til stor glede for barna. Skulle berre ynskje ho budde litt nærare. Med ein buss avstand på 5 til 6 timar seier det seg sjølv at besøka ikkje blir så ofte.


Fine mammaen min.

No er det 5 mil att til VM syklistane går i mål. Eg heiar på Edvald B.Hagen - vår lokale helt! ( og Truls Korsæth som er fadder til Erle).

God søndag:)

Springerinneklem

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv