hits

Er eg ei dårleg mamma?

2.oktober - Erle er 9 månadar og 8 dagar, og ferda i dag tidleg gjekk til barnehagen. Ikkje berre for å levere storebror Noah på snart 3 år, men også for Erle si tilvenning til barnehagen.

Erle er som sagt ikkje meir enn litt over 9 månadar, og eg har ei kjensle av at nokon heilt sikkert synes ein barnehagestart er for tidleg. Argumenta for det er truleg at ho er såpass lita at ho treng trygge omgjevnader lenge ennå, at ho treng mamma og pappa, dei trygge rutinane, senga si osv....Men eg veit at vi ikkje er åleine om å sende barnet vårt i barnehagen så tidleg.

Det har mykje å bety korleis kvardagen hennar har vore frå fødsel til i dag. Hadde jenta mi vore for det meste her heime, ikkje sett så mange andre barn eller hatt større søsken som utfordrar ho, ville også eg vore skeptisk til å sende ho i barnehagen. Men Erle har vore med mamma på jobboppdrag i felten sidan ho var 1 månad gammal, ho har tre større søsken som "herjar" med ho, og ho har vore i Kidz avdelinga til SatsElixia her på Lillehammer fleire dagar i veka. Det gjer meg trygg på at overgangen frå den trygge heimen til barnehagen skal gå fint.

Vi begynner sjølvsagt veldig forsiktig. I dag var ho kun på besøk i 3 timar, kor ho fekk møte primærkontakta si, og leika med dei andre skjønne småttisane. Og ho storkosa seg. Mange nye menneske, og ikkje minst nye leikar. Ikkje rart ho søv som ein stein på tredje timen no.

Storebror Noah er i naboavdelinga. Han skjønar vel ikkje heilt at veslesysta er begynt i barnehagen, men eg trur heller ikkje det vil ta lang tid. Eg er spent på reaksjonen hans når begge løper rundt i uteområde til våren:) For, er det nokon Noah verkeleg bryr seg om, så er det veslesysta si.


Trilletur med søster.

For min eigen del har dei siste tre åra først og fremst vore prega av mammarolla. Men, eg har på same tid jobba ganske så mykje, og det skal bli godt å kunne bruke tida på dagen, til nettopp uforstyrra arbeid. Det har ikkje vore like enkelt å jobbe som sjølvstendig næringsdrivande og alltid ha eit barn å passe på. Det har heldigvis gått bra, men no ser eg fram til å kunne konsentrere meg om jobb på dagtid og barn etterpå.

Springerinneklem

3 kommentarer

linnogjohnny

07.10.2017 kl.10:44

Du er overhodet ingen dårlig mamma fordi du sender barnet ditt i barnehagen tidlig. Jeg var nødt for å begynne å jobbe da minstemann var 9 mnd gammel - pga økonomien. Han fikk ingen barnehageplass så dagmamma ble løsningen. Det var så vanskelig å gå fra han på morningen - husker så godt at han såvidt kunne sitte. Jeg bekymret meg for alt mulig. Gråt når jeg satt på toget på vei til jobb. Men det gikk så fint. Det gjør det som regel. Barn tar ikke skade av det. Barnet ditt har allerede vært på barnepass, har større søsken og vært med deg på jobb. Det kommer til å gå så fint. Du har skjønne barn :) Mine er nå 17 og 20. Like skjønne som når de var små <3 Lykke til med alt! God helg videre

springerinne

12.10.2017 kl.13:51

linnogjohnny: Tusen takk. Det var gode ord. Ja det er pga økonomien her også. Det må jo gå rundt, og med 4 barn annakvar veke kostar det å leve:) Eg føler meg trygg på at vesla har det fint og det er moro å sjå kor stolt storebror er:)

Line

23.10.2017 kl.17:34

hei

Nei, du er ingen dårlig mamma. Du tar oppstarten i bhg med ro, slik at vesla får en trygg start. Du vet at barnet ditt er trygt, trives og har det bra. Det er vel det som er oppgaven som mor - det er ikke om det er du som gir den tryggheten 24 timer i døgnet.

Lykke til med oppstart og jobbing. Stol på deg sjøl! Du kjenner barna og din situasjon best og kan dermed avgjøre hva som er bra for deg og dine.

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv