hits

Mange jern i ilden

Det går unna om dagen. Det synes dessverre ikkje på bloggen min, og eg må berre beklage.

Etter eit par år med barn, boklansering og kun jobb for Dagbladet, har det dukka opp ein del meir jobb for firmaet mitt. Berre den siste månaden har eg blitt markedsansvarlig i Lillehammer Fotballklubb, og redaktør for SKisport i tillegg til faste leveringar i Dagbladets fredags avis. Tre jobbar som eg ynskjer å gjere mitt beste i, og det betyr at timane og dagane brått går litt raskare. Dette hadde ikkje gått viss Erle fortsatt var heime, men no er ho blitt trygg i barnehagen fire dagar i veka, noko mor set stor pris på.

Eg har sakna å ha nok å gjere. Det å føle seg betydningsfull, og ikkje minst få bruke ressursane ein faktisk sit inne med. Det er difor utruleg deilig å endeleg sjå at det eg har bygd opp frå 2015 gir meg over 100% jobb. At mitt eige vesle firma bringer inn nok lønn i månaden til å "stå på eigne bein". Det hadde eg ikkje trudd eg skulle få til for to år sidan, men heldigvis kan også arbeidslivet overraske.



Styrketreninga har blitt litt nedprioritert i det siste, men i går fekk eg ei god økt med venninna mi Hanne. Det kjenner eg i dag for å sei det mildt....les; gangsperre.:) 

Eg prøvar å få tid til litt trening, men den blir ikkje prioritert så kraftig no som for ei tid tilbake. Det er mykje nytt å setje seg inni, spesielt i fotballrolla. Eg har aldri gjort noko slikt som dette før, og eg kjenner heller ikkje fotballmiljøet så godt som friidrettsmiljøet her på Lillehammer. Heldigvis er eg ikkje så redd for å treffe nye folk, så det skal gå seg til tenkjer eg.

 


Favorittgutten min som blir 3 år neste veke.:)


Favorittjenta mi - 9,5 månadar:)


Kosar seg i lag:)

 

Viss det er noko dokke lesarar ynskjer eg ta opp "her inne" hadde eg sett stor pris på innspel. Då er det enklare å setje seg ned og faktisk publisere noko leseverdig.

Høyrer frå dokke. Berre send ein mail til kriroset@gmail.com eller legg att ein kommentar. Du kan være anonym i kommentarfeltet, så ingenting å være "redd" for.

Springerinneklem

Én kommentar

Victoria Larsen

12.10.2017 kl.15:33

Veldig flink du er!! :-)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv