hits

Når du blir feira av verdas beste jenter

Å bli 38 år er slett ikkje verst når ein har gode venninner å feire med. Og er det noko eg set pris på er det jentene eg er blitt så glad i her på Lillehammer.

Det er ikkje så ofte tida strekk til for skravling og god mat med venner. Sann er det berre, men når ein først set av ein kveld er det utruleg moro. Vennskap er superviktig for meg.

Roser og musserande: Den perfekte gave:)

Olje og krydder kjem alltid godt med.

Godjentene mine som eg har treft gjennom trening og mammarolla. 

Menyen enda på tapas. Då er det alltid noko som fell i smak. Foccachia ( før steiking vel og merke), kjøttbollar, mangosalsa, tomatsaus, dadlar, serranoskinke, lefserullar, salat, salte poteter, choritzo pølser, ostar m.m. Vi blei mette for å sei det mildt.

Ha ein fin dag kjære lesarar:)

Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv