hits

Når eg ser den "gamle meg", og er det frekt å ta kontakt?

Det er 6 år sidan eg fekk behandling for spiseforstyrrelsen. På ein måte kjennes det uhyre lenge sidan, - på ein anna måte ikkje. Det er noko som vil henge med meg vidare - i lang tid. 13 år i sjukdomens klør er vanskeleg å kvitte seg med.

Å sjå sunn og sprek ut er noko eg set veldig pris på i dag. Hadde det vore for nokre år sidan ville det kjennes framand og ubehageleg ut. Ikkje det å være sprek, men det å sjå sunn ut. Då var jo målet å sjå mest mulig deffa og tynn ut. Aller helst så ribba som mogleg. Å sjå sunn ut for eit sjukt hovud betydde jo tjukk. 

Det er sjuke bildet er for lengst borte, men at eg ynskjer å være sprek i kroppen ennå. Trening har vore ein livsstil så lenge eg kan hugse ( ja også før eg blei sjuk som 18 åring), og eg vil nok elske å bevege meg til eg blir gammal og grå.

Men det eg kjenner på i blant, er denne fortida. På jenta som folk utan ein snev av "antenner" trudde var blodtrent og hadde den disiplinen. Nei, det er ikkje tull. Mange eg møtte på den tida, som for eksempel på treningssenteret, kunne gje meg kompliment over kor trent eg såg ut. Det dei ikkje ante var kor sjuk eg eigentleg var ( jo dei med "antenner" gjorde det). At det einaste eg kunne unne meg var nokre kokte egg, cottage cheese og ein tørr kyllingfilet. At eg stod opp klokka 04.00 om morgonen for å gjennomføre 1. økt før arbeidsdagen starta, for så å halde det gåande etter jobb.

Eg ser raskt kven som slit. Det er ein eigenskap eg synes kan være til belastning. Sjølvsagt kan eg ta feil, - det er ikkje det eg meiner, - men som regel ha eg eit snev av rett.  Og akkurat det kan være tøft å innsjå, spesielt med tanke på fortida, og det utartar seg på to måtar.

1) Den første måten, 
er at eg kjenner meg ferdig med den biten av livet, og kunne aldri tenkt meg å oppleve alle dei begrensingane som sjukdommen fører med seg ein gong til. Det er dagens liv altfor godt til, og eg unnar ingen i nærleiken av meg å måtte oppleve å bli bekymra og redde att.

2)På den andre sida kjenner eg at det er tøft å sjå "den gamle meg" gjennom andre. Å sjå ei sjukt tynn jente, eller ein gutt som  som tydeleg ser ut til å ha problemer, kan påvirke meg negativt på fleire måtar. Det eine er følelsen av å være "stor" ved sidan av vedkomande. Eg veit at det er ein dum tanke, men den slår meg. Dei gamle tankane vil nok alltid ha ein plass i topploket, same kor mykje eg skyver dei i frå meg. I tillegg kjenner eg på fortvilelsen over å ikkje tørre å ta kontakt. Eg anar jo ikkje korleis vedkomande vil reagere, og kanskje bommar eg i tillegg. 


Eg trur mange som har blitt bra av ein spiseforstyrrelse kjenner på akkurat dette. Sjølv om ein lever eit normalt liv, med familie, vanlige måltid, jobb osv kan ein kome opp i situasjonar kor dei gamle tankane dukkar opp. Eg innrømmer at det skjer titt og ofte sjølv kor frisk kvardagen min er, men heldigvis har eg lært meg å kontrollere desse tankane, skyve dei i frå meg og sette pris på kor godt det er å kunne leve eit friskt liv.

Og så eit spørsmål til deg som les dette:
Ville du blitt sint eller lei deg viss eg spurte rett ut om du har det bra? Er det frekt av meg å ta kontakt og vise omsorg?

Springerinneklem

5 kommentarer

linnogjohnny

27.10.2017 kl.12:26

Det er aldri frekt å ta kontakt og vise omsorg. Etter en veldig lei hendelse - hvor jeg fikk en forferdelig beskjed på en cafe - fikk sjokk og ingen kom bort for å hjelpe - bestemte jeg meg for å bli flinkere til nettopp det. Det er noe jeg også prøver å lære barna mine. Det er kanskje lettere for deg å se signaler enn for andre som ikke har hatt slike problemer selv. Ikke vær redd for hvordan personer vil reagere. Det kan hende du bommer - men det er mye bedre enn å ikke prøve. Jeg har blitt viftet vekk og sett både stygt og rart på når jeg vil hjelpe. Men jeg har flere ganger fått takk, klemmer og varme smil. Det veier opp. Man bør bli flinkere til å bry seg og hjelpe. Bra innlegg og viktige temaer du tar opp. Veldig synd at du har hatt det vondt tidligere. Ønsker deg en flott fredag og god helg <3 klem fra Linn

springerinne

27.10.2017 kl.13:14

linnogjohnny: Tusen takk Linn. Gode ord. Ja, eg føler det einaste rette er å vise omsorg, men det er likvel vanskeleg. For min del er det lettare å sende ein mail /melding, men av og til skulle eg ynskje eg hadde mot til meg å uttrykke meg ansikt til ansikt. Ynskjer deg og din mann og barn ei kjempefin helg.
Kristin

anonym

29.10.2017 kl.18:22

Trur det spørs litt måten ein tek kontakt på. Dersom det hadde skjedd diskret, trur eg at eg ville sett pris på at nokon "såg" meg. Ein føler seg veldig redd og einsam nokre gongar...

m

01.11.2017 kl.19:59

Jeg gikk på kort tid veldig mye ned i vekt, og ble jeg veldig usikker og syntes det var veldig ubehagelig at noen påpekte dette, for det var det mange av, både trenere, de på treningssenteret, helsesøster osv. Jeg kunne til og med bli provosert, og ville helst være i fred. Jeg klarte å komme meg ut av det selv, men skulle ønske at jeg tok i mot noe hjelp. Spesielt i tiden etterpå, men da så jeg jo frisk og godt trent ut, så ingen "så" meg når jeg egentlig trengte å snakke ut. Men det har kanskje litt med kjemi og timing å gjøre? Det var for eksempel lærere osv jeg absolutt ikke ville snakke med det om.

Mari

05.11.2017 kl.15:25

Er nok ikke alle som ville likt at noen tok direkte kontakt, men kanskje du kunne skrevet en liten beskjed på en lapp og gitt den til vedkommende i forbifarten? Det er hvertfall en litt «skånsom» måte å ta kontakt på.. en venninne av meg som er psykolog gjorde det på treningssenteret med positivt resultat:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv