hits

Min nye arbeidsplass

Det kjennes heilt ufatteleg. Etter 3,5 år uten eit ordentleg kontor å gå til, har eg no endeleg fått mulegheiten,- og det på nye Idrettens Hus på Lillehammer - saman med eit stort idrettsmiljø.

Eg sit her for Lillehammer Fotballklubb, og skal gjere det eg kan for å pleie dagens samarbeidspartnarar og ikkje minst prøve å skaffe nye. 

Etter at eg flytta til Lillehammer har eg jobba heimaifrå, som journalist og forfattar. Det har sjølvsagt sine positive sider, men i lengda og med fleire barn i hus er det faktisk ikkje noko særleg å sitte atmed oppvasken, klesvasken, rotet og det som følgjer med ein heim. Som mamma blir du lett distrahert, og føler at huset bør være rydda før alle kjem heim. Det går fort utover arbeidstida. Ikkje det optimale i lengda for å sei det slik.

Eg fekk nøklane i handa for to dagar sidan, dei første kontormøblane kom i går, og imorgon skal eg debutere på mitt nye kontor. Gjett om eg gler meg. 

Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv