hits

Årets første skitur - alltid like MAGISK

Fram til eg var 17 år konkurrerte eg på ski i både Norgescup og Junior-NM, men så sa det stopp. Eg blei lei, og valde å satse på friidrett. Det var kanskje like greitt, då eg fekk nokre gode år på løpebana. Men at eg skulle bli heilt anti skiløper dei neste 10-12 åra trudde eg ikkje. Likevel blei det slik. Eg orka ikkje tanken på å finne fram langrennskia, så dei stod godt gøymde i boda desse åra.
Heldigvis endrar livet seg, og dei siste tre-fire åra ( ja etter at eg flytta til Lillehammer) har ski interessa berre blitt meir og meir framtredande. Kanskje fordi eg sjølv kan bestemme tempoet, det er ingen som masar, og eg treng ikkje stresse med den og den økta. 

I går kveld såg eg på Distriktsnyheitene for Oppland & Hedmark, der dei viste ein vinterreportasje frå Pellestova på Hafjell. Eg er veldig glad i denne plassen frå før, og bestemte meg raskt for at dagen i dag måtte bringe ei åleinestund i skisporet. Og gjett om den stunda blei god. Litt i ubalanse sidan det har gått eit halvt år sidan sist tur, men det gjekk likevel fint. Og med nypreparerte løyper, kunne eg skøyte så langt eg ville. Er imponert over løypemannskapet som køyrer perfekte spor sjølv om det ikkje er overflod av snø ennå.

Magisk stillheit på fjellet.

Det er nok ikkje lenge før snøen dalar ned i litt større mengder enn det den har gjort til no, og sjølv kor glad eg er i sommaren, gler eg meg faktisk til ein kvit tjukk " duk" av snø. Det kjem garantert til å ende med MANGE fine skiturar i vinter. Og som redaktør for Magasinet SKIsport er det vel på sin plass at underteikna faktisk nyttar seg av moglegheitene her i Winter Wonderland.

Springerinneklem

 

2 kommentarer

Victoria Larsen

14.11.2017 kl.14:45

Så utrolig koselig!! :-)

CamyReed

15.11.2017 kl.22:11

Så nydelig. Gleder meg til snøen kommer til meg og<3

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv