hits

Forelska

Det er rett og slett fantastisk å ha blitt forelska igjen - i langrenn. Fy flate kor mange år eg gjekk utan å kjenne på den følelsen.

Det høyres sikkert rart ut, - men med over 10 år utan å orke å tenkje på langrenn, smøring, kulde ++ er det så deilig å kjenne at den forelska følelsen for ski som eg hadde inntil eg var 16-17 er komen tilbake for fullt.
Kva årsaka er? 
1) Eg slepp å stresse med å tenkje på konkurranse. No er det naturen, skispora og eg i akkurat det tempoet eg føler er passeleg.
2) Eg har fått venninner eg kan nyte skiturane med.
3) Eg bur i eit langrennseldorado kor det ikkje er langt å reise for å finne eksepsjonelle løyper.


Frå gårsdagens Dagbladet oppdrag: Progressiv trening med Martine Ek Hagen.

Eg elskar aller mest å springe. Det er det ingen tvil om, men det å gå på ski er så vanvittig god trening. Eg likar aller best skøyting, men klassisk er heilt greitt også. Berre det å være ute i naturen og i frisk luft er sjukt deilig. Det gir energi til tusan.

Her med tre spreke skijententer sist laurdagsmorgon klokka 08.30. Vi gjekk tre mil, skravla innimellom og kosa oss. Gler meg til neste gong.
(Til høgre: Ingrid, så Mali, deretter Marthe og til venstre eg.)

Lengtar dokke etter langrennsføre er det berre å sette seg i bilen og vende reisa mot Nordseter, Pellestova eller Skeikampen ( og sikkert andre stader i Noregs land).

Springerinneklem 

 

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

39, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 4, og Erle på 2 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv