hits

Så heldig å få være med i bok om idrettsheltar

Kanskje mest interessant for innbyggjarane i heimfylket mitt, men uansett er det stort å få være ein del av boka Rune Fossum Lillevangstu nyleg lanserte; - "50 idrettsheltar frå Sogn og Fjordane".

Kvart eit einaste fylke har mange idrettsheltar, både frå gammal og nyare tid. Det same har Sogn og Fjordane, der eg kjem i frå, og som alltid vil ligge mitt hjerte nærast.

Eg vil sei denne boka er den perfekte julegåve til alle idrettsinteresserte fjordingar. Her er det mykje bra lesestoff. Det er grundig, og forfattaren har gravd godt i arkivet til kvar enkelt, i tillegg til å ha møtt "oss" som fortsatt er i live ( viss eg kan sei det på den måten).

Det er litt rart å sjå gamle arkivbilder frå langrenn og friidrettstida. Og ja;- eg hugsar godt stemninga frå kvart einaste bilde. Boka er på totalt 280 sider, er fylt av 50 flotte idrettsfolk

 

Forfattaren besøkte meg heime på Sandane i sommar, knipsa bilder og slo av ein god prat. Han fekk være med inn på "pikerommet" kor eg har dekorert eine veggen med heimemåla OL ringar. Eit mål eg hadde over fleire år som løpar. Eg kom aldri dit, men for kvar einaste gong eg kjem heim og skal til å legge meg under dyna ser eg rett på draumen eg hadde. 

Les mer om boka HER og kjøp den for eksempel HER

Springerinneklem

Én kommentar

Victoria Larsen

24.11.2017 kl.16:11

Så gøy!!!

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv