hits

Treningsklær til løp og langrenn

Treningsklær til løp og langrenn: Når eg løper inne treng eg ikkje meir enn eit par gode løpesko, en tights som sit godt, ein topp som held stellet på plass og ein singlet / t - skjorte som fungerer. Når eg skal ut derimot; stiller det større krav til bekledninga. Ikkje vil eg fryse for mykje, ikkje vil eg ha tunge klær, og eg vil heller ikkje skli på isen og brekke føtene. Når eg går på ski gjeld nesten det same, bortsett frå det med å falle på isen: Eg vil ha lette klær som held på varmen.

Her er mine favorittar i vinter, og eg gjer dokke oppmerksom på at eg overhode ikkje er sponsa på nokon som helst måte. Alt blir betalt frå eitt og same bankkort:):)

Tights til inneløping i vinter: Aimi`n Tribe High Waist Tights​

Topp som held fronten på plass: Aimi`n Crop Top


Middels lette sko som kan brukast til både langtur og intervall: Asics Gel Noosa Tri

Vintertights til uteløping: Reflect, Trimtex

Langrennsjakke: Aviator

Langrennsbukse: Element Plus

Skihanskar: LillSport Legend Thermo Slim

Vinterløpesko med pigg: Salomon Snowcross

 

Ullundertrøye: Lady Arctic Zip Polo

 

Og så til slutt; ein redskap eg bruker titt og ofte for å løyse opp lårmuskulaturen: Foam Roller

Nokre småtips frå meg ein søndagsettermiddag:)

Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv