hits

Når du MÅ finne noko du likar med vinteren

Eg er vaksen opp med ustabile vintrar ( les Sogn og Fjordane), og har budd i Stavanger kor vi kunne telle få dagar med ordentleg nedfall av snø i lavlandet. Det betydde gode moglegheiter for å løpe ute året rundt, og langrennsskia blei dermed lagt godt til sides. Dvs. lengst inni boda. 


Etter over 20 år med gamle ski, kan eg pakke opp desse på julafta.

Så flytta eg til Østlandet, nokre mil utanfor Oslo. Her blei vintrane drastisk endra. Snøen la seg i november/desember og heldt seg stabil fram til mars. Det første eg gjorde var å melde meg inn på eit treningssenter. Nei, det gjekk ikkje meir enn ei veke iallfall før eg var i gang på tredemølla. Og der blei eg....iallfall kunne eg telje x - antal kilometer på løpebåndet etter 7 års Akershus innbyggjar. Likevel, med all snøen utanfor døra fann eg ikkje tilbake til vintertrivselen. Eg hata den for å sei det mildt. Når det første snøfnugget dala ned, vrei det seg i magen og eg ville berre bestille første tur til Kanariøyene. Og langrennsskia...nei dei stod fortsatt i boda...langt ned i ein kjeller ved sidan av parkeringshuset. Eg ofra dei ikkje eit blikk ein gong..

Så ville livssituasjonen ha meg til Lillehammer,- vinterbyen over alle Norges byar. Snø og kuldegrader frå oktober / november og fram til mars og april litt lenger oppe. Eg pakka "snippsekken" saman med den høggravide magen, og busette meg på denne plassen. Joda, skia blei med. Både bortover og nedoverskia. Kunne ikkje la dei stå att heller. Og eg skjønte raskt når eg kom til denne plassen, at eg berre måtte lære meg å like vinteren. Det var ikkje eit spørsmål ein gong. Her ville snøen falle, og reise uansett kva kalendaren fortalde. 

Det tok si tid. Iallfall brukte eg første vinteren på å fordøye det at eg budde her eg budde. "Alle" elska jo å gå på ski. Det var nesten kø opp Nordsetervegen første gong eg skulle prøve desse plankane under beina. Kva slags tankar som gjekk gjennom hovudet skal eg ikkje skrive her, men eg kjende meg litt utanfor "allfarveg". 

Heldigvis kan ting endre seg. Det er mogleg å finne fram att ei glede ein hadde for 20 år sidan ( ja så gamle er skia mine også), og det er mogleg å finne tilbake til den gode gamle teknikken, skikleda som bær litt meir varme enn den tynne løpetightsen og innstillinga på at faktisk langrennstrening er himla god trening. 

Eg har ikkje hatt så mange skiturar i vinter, men imorgon blir det vel den sjette så langt. Og eg gler meg- ja sjølv om gradestokken skal vise ein del minus. Det er jo berre å finne fram gode kle, rette smurningen og målet om Birken for første gong - i ja,- mars.

 

Springerinneklem


 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv