hits

Annleis utanpå, men...

At ein er blitt annleis utanpå, betyr ikkje at innsida også er blitt det. Personlegheita mi har alltid vore den same, men då eg var sjuk gøymde den seg vekk.


Usunn vs. sunn: Det er blitt ein del år mellom desse to bildene, og viser stor forskjell på dattera til venstre.


I dag ser eg ikkje dårleg ut lengre. Er akkurat som alle andre, men dette var vanskeleg å takle då eg sat midt opp i det under behandling. Plutseleg var utsjånaden sunn. Ja, eg hadde det betre, men tru meg at dagane ikkje var like friske som dei kunne sjå ut. Det var månadar med gråt, sinne og frustrasjon. Endringane gjorde meg forvirra. Det eg såg i spegelen var ei anna jente, og tankane kunne dukke opp som aldri før. Er dette rett? Er dette meg? Korleis vil det ende?

Hadde eg ikkje hatt hjelpa mi to gongar i veka og medisinen, ville eg aldri klart det. Då fekk eg sett ord på at eg tenkte, og hjelp til å takle panikken som stadig dukka opp.


Ikkje den friskaste "rulleskikroppen"

Eg har kontakt med fleire som går gjennom akkurat denne prosessen, og det er mykje av dei same tankane og den same redselen som regjerer. Då kan eg ikkje sei anna enn at det er knalltøft å kjempe i denne perioden. Det er no det er vanskeleg fordi ein kjenner på endringar. Endringar i vektauke, endringar i det ein ser i spegelen, endringar på folk rundt ein osv. Det kan være nok det, - til å falle i grus, men det hjelper ingenting å falle tilbake til det gamle. Skal ein overleve denne sjukdomen og skal ein få draumen sin oppfylt om å kunne vakne om morgonen å kjenne seg fri, MÅ ein kjempe vidare.

 


Sunn kropp i bunad.

Det mest motiverande for min del var opplevinga av å få tilbake den ekte Kristin. Den Kristin som hadde energi til å være med andre, glede seg over mindre ting, ha krefter til å gjennomføre gode treningsøkter, oppleve samhaldet saman med andre og ikkje minst klare å gå på jobb, og faktisk jobbe utan å tenkje på kva eg kunne ete etter treninga når arbeidsdagen var over. Den kjensla lovde eg meg sjølv å ta med meg vidare resten av livet. Aldri legge den att i skapet og lukke att døra. No, sju år etter har eg halde lovnaden, og den står eg fast med også i framtida.

Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv