hits

Tør eg dette då?

Startnummerskrekken har eg skrive om før, men det har gjeldt løping. Den treningsformen eg har drive med lengst. Men så kjem langrenn inn i bildet då. Med over 20 år gamle ski, seier det seg sjølv at dama ikkje har konkurrert på lenge. Sist skirenn var, viss eg ikkje hugsar feil, Junior-NM i Steinkjer i ein alder av 17 år. Det kan vel seiast å være LENGE SIDAN.

  

No har eg derimot meldt meg på Budorrennet 6.januar. Seeding til Birken. Hjelpes. Trudde ikkje eg skulle finne på noko slikt for eit par tre år sidan, men jammen det har den gode gamle interessa kome tilbake for fullt.
Det er 42 kilometer. Ja, maraton på ski. Ein distanse eg aldri har verken løpt eller gått med ski på beina. Om eg gruar meg? JA! Det kjem til å bli hardt. Eg anar ikkje kva eg går til.

I går gjekk eg tre mil på ski, og sjølv om det gjekk lettare enn den første turen i november, kjenner eg at musklane blir slitne etter 2,30 timar på ski. Ryggen verker og armane roper au.  Likevel kjenner eg at den gode løpetreninga eg har gjort i sommar og haust har hjelpt på kondisjonen, så heilt gale er det ikkje. I tillegg har min kjære far vore så hinsides snill og kjøpt nye ski i julegåve, så eg har vel eigentleg ikkje noko å klage på.

Vel, det skjer meir enn berre trening her. I går kveld var vi på julekonsert med Kurt Nilsen i Håkons Hall,- og fy søren han var flink. Har likt den stemma heilt sidan første gong eg høyrde han opne munnen, og i går fekk eg endeleg både sjå og høyre han live. Utruleg flott er vel det best beskrivne ordet eg kan kome med.

Måtte ha ein selfie med Kurten:)

Ha ein fin søndag vidare!

Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

39, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 4, og Erle på 2 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv