hits

Ei endring på bloggen

Kjære lesarar!
Eg har hatt denne bloggen i 7 år. Den har handla mykje om min veg tilbake frå spiseforstyrrelsen, som blei bok i fjor.
No kjenner eg at noko må endrast her inne viss eg framleis skal fortsette å blogge. Det siste året føler eg nesten at innlegga mine har vore meir for familien heime på Vestlandet, enn for dokke lesarar. Det vil eg endre på for min eigen motivasjon, for dokke som har fulgt meg lenge og ikkje minst nye lesarar.

Som gammal mellomdistanseløper på landslaget, treningsekspert for Dagbladet, redaktør for magasinet SKIsport og som ei over gjennomsnittet aktiv sportsjente ennå, føler eg at treningssaker retta mot løping, langrenn og styrke er meir på sin plass framover. Sjølvsagt skriv eg gjerne om mine tankar rundt kroppspress etc., men fokuset blir sunne og fornuftige treningsråd og mine opp og nedturar på treningsfronten, som nyfrelst skiløper etc. Med andre ord litt kunnskap, og litt privat.

Eg veit ikkje om dette kling god i øyra dokka. Hadde vore kjekt med ei tilbakemelding.

Har mange innlegg i tankane iallfall, og det er berre å stille spørsmål enten her, på facebook eller til kriroset@gmail.com.

Springerinneklem

 

 

 

6 kommentarer

Tone

20.12.2017 kl.01:53

Skjønner at du er klar for å skrive om noe med en litt annen vinkling. Selv har jeg fulgt deg gjennom alle år pga. at du har vært til stor inspirasjon og hjelp for meg som bulimiker. Har god jobb og "normalt liv" utad men bulimi tar ethvert sekund av ledige stunder. Har hatt mye glede av innleggene dine opp igjennom, det har vært godt å lese om noen som setter ord på de tingene man føler seg så inderlig alene om.

ikke minst er du en inspirasjon som har kommet deg ut av sykdommen og fått to flotte barn og et alminnelig familieliv. Det ønsker jeg mer mer enn noe. Er 32 år og føler livet sklir vekk :-(

Følger deg selvsagt heretter også. Riktig god jul til deg og dine :-)

springerinne

21.12.2017 kl.13:09

Tone: Håpar du vil følgje meg vidare:) Tusen takk for at du har lest opp gjennom åra. Arkivet vil ligge, så det er berre å ta ein titt om du skulle trenge nokre råd. Håpar du får eit normalt liv utan sjukdomen. Det fortener du. Men husk at du fortsatt har mange år på deg til å bli mamma, men bruk tida godt på å bli frisk:) Klemmer

Astrid

20.12.2017 kl.22:16

Ja, skriv mer om treningssaker! Gleder meg til å følge deg videre fremover.

springerinne

21.12.2017 kl.13:08

Astrid: Tusen takk Astrid:)

Hilde

21.12.2017 kl.22:08

Er enig i komentaren fra tone om at du er ein stor inspirasjon då du har greid å komme deg ut av spiseforstyrelsen og i dag et normalt liv med to flotte ungar. Det er noko eg også ønsker meir ein noko anna. Har også glede av dei gamle innlegga dine. Kjem også til å følge deg vidare. Har du mulighet for å lage innlegg om trening en kan gjøre hjemme i stuen eller rett utan for huset? I tillegg til å bli kvitt trollet i hodet som må planlegge og gjev ordrar så må jeg også vere meir i fysisk akivitet for å bli friskste og eg er ikkje den som er komfortable og trene når noen ser på. Kjenner det at pga sjukdommen har eg på en måte grudd meg til jul dei siste åra og ikkje hatt noko julestemning, ikkje pga maten eg puttar i meg, men pga at det bli så mykje stress og fokus på mat. God jul til deg og dine.

springerinne

29.12.2017 kl.13:41

Hilde: Takk for tips til innlegg. Det skal eg fikse:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv