hits

Samlar mil til turrennsesongen

Vel, kva skal eg sei. No er eg påmeldt til to turrenn innan dei neste to vekene: Romjulsrennet på Sjusjøen neste helg og Budorrennet helga etter. Eg har absolutt inga erfaring med å konkurrere lenger enn 15 kilometer, så det kan bli moro å sjå korleis kroppen reagerer under debuten neste laurdag. Men den som intet prøver..

Så langt i år har eg overhode ikkje trent intervall i skiløypa, men har køyrt jamnleg to intervalløkter i veka på løpande fot i heile sommar og haust. Eg håpar det kan gje ein liten gevinst, men må nok legge inn nokre lengre drag med ski på beina etterkvart tenkjer eg. Men først er det greit å finne rytmen og venne kroppen til å halde ut over lengre tid. Der har eg litt å gå på gitt.

Etter mykje jobbing med Magasinet SKIsport dei siste dagane, måtte eg rett og slett på fjellet i dag tidleg. Kroppen skreik etter noko anna enn innestengt mølletemperatur. Det enda med soloppgang på Nordseter, frisk luft og nesten ingen folk i skiløypa. Magisk, og ein real boost på morgonkvisten.

Springerinneklem

Én kommentar

Victoria Larsen

21.12.2017 kl.14:20

Flink du! Herlig føre :-)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv