hits

Du gjer julafta heilt spesiell Erle!

Julafta er spesiell frå før, men du har toppa den maksimalt jenta mi. I dag er du 1 år Erle. Gratulerar med dagen!

Eg hugsar 1 år tilbake som om det var i går. 
Veslejulafta var roleg. Treet var for lengst pynta, vi åt pizza med heimelaga rømmedressing og kosa oss. Eg ante fred og inga fare då eg gjekk og la meg den kvelden. Du skulle jo ikkje kome før på nyttårsafta.
Der tok vi sanneleg feil, - begge to.


Like før du kom...viss du ikkje kjem til å like å gå på ski, så veit ikkje eg:)

Nokre timar over midnatt "banka du på døra" hardt og brutalt. Du skulle ikkje ligge i magen til mamma lengre. No var det på tide å skyte fart ut i livet. Mamma fekk også fart på seg, og blei henta i taxi. Den godt voksne mannen i framsetet skjønte at det ikkje var noko vits i å spare på gassen då vi begge var utolmodige. Vel, det var eit mildt ord. Her skulle det heile skje raskt. Eg var så vidt komen på sjukehuset, før du verkeleg viste krefter. Kort fortalt; -det gjekk ein time i aktiv fødsel og så låg du der i armane mine. Vesle nurket som eg hadde bært på i over 9 månadar. Eg gråt av glede og var omlag i sjokk der eg låg og såg på deg.


Lita jente med livet framfor seg.

 

 


På Balbergkampen i vår.

Du er blitt vant til litt herjing frå storebror Noah.

Mormor og du på din første solferie.

Vesle Erlemor som vi kallar deg. Du er ei sprudlande, sterk, nysgjerrig, litt utolmodig, men først og fremst ein energibunt av ein 1 åring. Du rasar rundt på golvet etter broren din, og sit sjeldan stille. Du elskar at det skjer noko, og du elskar å få masse kos.

Gratulerar nok ein gong med dagen din kjære Erle. Elskar deg over alt på jord.

-Mammaen din-

 

2 kommentarer

Hilde

24.12.2017 kl.11:25

Gratulerer med 1 års dagen i huset

springerinne

29.12.2017 kl.13:21

Hilde: Tusen takk:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv