hits

Dagen før dagen

Eg burde eigentleg jobbe no. Har ei Dagbladet sak som skal leverast over helga, men det er så vanskeleg å konsentrere seg om arbeid når dei rundt har julefri, og dei eg skal intervjue har det same. Å være frilans er ikkje det beste i feriar for å sei det slik, men eg skal ikkje klage. Set enormt stor pris på tillitten eg har i Dagbladet.

Dei siste par dagane har dreia seg om eit skirenn som skal gå for seg i morgon. Det er ikkje noko voldsomt stort skirenn og ingenting å snakke høgt om, men for ei som ikkje har hatt eit langrenns startnummer på brystet sidan 1996 er det både rart og skummelt. Eg anar overhode ikkje korleis eg skal angripe dei 23 kilometrane som ventar på Sjusjøen. Kanskje eg sprekker etter 15 km? Ja, ja det får i såfall berre skje. Eg skal uansett i mål på eit eller anna vis.

Så korleis skal ein turrenndebutant forberede seg. Vel, eg har fiksa skia. Lagt på glider, fjerna glideren, rubba smøreområdet, brent inn grunnsmurning og skal legge på dei siste laga med smurning i kveld. Skidressen ligg klar, det same gjer ullundertøyet, den nye sportstoppen, skihanskane, hua og dei nye skibrillene. Stavane og skia er også nye, for å ikkje gløyme GPS klokka og pulsmålaren som eg ikkje må gløyme å legge på lading.....eg begynner å forstå kvifor dei galne supermosjonistane brukar peng på utstyr. Det er jo sjukt moro. Må le.

Vel, i forgårs gjekk eg ein 2 mils tur på ski, i går tok eg fri og i dag har eg løpt ein roleg kort tur og avslutta med bevegelighetstrening. Beina har vore stive og stinne etter mykje trening i det siste, så det kan kanskje være greitt med litt ro dei siste dagane. Herlighet. Er det mulig å bli så skrullete. Men alt i alt gjer eg dette berre for moro, og for å få litt krydder i kvardagen. Ingen tar vel skade av litt nervar og spenning.

 

Starten går klokka 12.00 der start og mål er på Sjusjøen skistadion. Det einaste ynskje mitt er å ha gode ski og ein kropp som fungerer, og finn ei fin rytme, slik at opplevinga blir god. Blir det blytungt og eg møter smellen lenge før mål, veit eg at neste helg der distansen er dobbelt så lang, blir veldig kviafull....Det ynskjer eg å sleppe. 

Ja, ja...dokke skal få oppdatering frå ei lettare spent småbarnsmamma.:) hehe

Springerinneklem

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv