hits

Min renndebut

No har dama gått sin skirenndebut; oh my god, det var spennande og moro.


Foto: Finn Olsen

Kva skal eg sei; eg var lettare nervøs der eg stod i ullundertøyet og ein tynn skidress med startnummer 431 på startstreken...Kuldegradene sa -15 og dama fraus både her og der. Det var likevel noko som raskt blei gløymt då startskotet gjekk kl. 12.05.

Eg plasserte meg for sikkerhetsskuld aller sist i feltet. Ante jo ikkje kva som venta. He he..

Vel, når det heile var i gang fann eg fort nokre dameryggar å henge meg på. Desse ryggane talte 4, og jammen skulle eg ikkje sleppe tak på dei. Likevel kjende eg ein viss skepsis halvveis. Bakkane var fiskebeinsbratte og melkesyra kom kjappare enn eg ynskte. Pusten pesa også temmeleg godt, og eg blei ein tanke sliten kan du sei. Heldigvis viste kilometrane at det ikkje var så uhyggeleg lenge att, så motivasjonen steig nokre hakk. Det var til god hjelp, og inn mot mål skjønte eg at dei 4 damene/jentene enda bak meg over målstreken. Det var ein god følelse. Joda, konkurranseinstinktet kan være til stades sjølv om du nærmar deg dei 40....

Det var postkort forhold på Sjusjøen i dag. Heilt fantastisk rett og slett. Eg kunne ikkje draume om ein betre renndebut og er superhappy for ha fullført og vunne klassa mi. Totalt sett blei eg nummer 21 av alle damene og det skal eg ikkje klage over.

Neste helg ventar 42 km og Budorrennet. Det blir ein hardare dag enn i dag. Phu..

Springerinneklem

P.S Skia var veldig gode. Ein god følelse når eg faktisk har fiksa dei sjølv:)

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv