hits

Når 2017 er over...

2017 er snart over. Ja, om berre nokre timar. Det får meg til å tenkje tilbake på dei siste 365 dagane. 

Det har vore eit hektisk år, med mykje jobbing og ikkje minst mykje barn. Med to små, pluss to stebarn har det gått i eitt, mest i positiv retning. Jobbmessig har det vore jobb både i helgar og feriar, men eg er stolt over å ha arbeidd opp firmaet mitt og veit det vil gå ennå betre i 2018. Så sjølv om eg har vore stressa og frustrert til tider, synes eg jobben som frilans er heilt topp.

Utanom familie og arbeid er trening og venner det viktigaste i livet mitt. Og jammen har begge deler vist seg å smile. Eg har fått mange nye bekjentskap som eg set enormt pris på. Herlige venninner som likar å trene og er sosiale. Sjølv om tida ikkje strekk til like mykje som eg skulle ynskje, veit eg at venninnene mine er der og det kjennes godt.

Treninga starta trått etter fødselen på julafta i fjor. Den enda trått før fødselen i tillegg, så det var temmeleg tøft å begynne på att forrige vinter. Kroppen og bekkenet var overhode ikkje i sine "fulle fem", så eg kjende lite framgang før på vårparten. Då løsna det meste seg, og etter den tid har eg klart å trene jamt og trutt med god kvalitet uten nevneverdige avbrekk. Det har ført til ein godkjent form så langt, noko eg har tenkt å halde ved like ( og helst forbetre). 

2018 blir eit bra år. Det kjenner eg på meg. Planane er mange, og eg gler meg til å ta fatt. Ynskjer alle mine lesarar eit fantastisk GODT NYTTÅR, og håpar dokke vil fortsette å følgje bloggen min.

Springerinneklem

 

 

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv