hits

Slik trener eg på vinteren

Løping, langrenn og styrke: Tre treningsformer eg diggar, og som gjev variasjon og motivasjon.

Springing: Eg elskar å springe, derfor bloggnavnet og derfor eg har drive med det sidan eg var lita jente. Gleda er faktisk minst like stor i dag som den var då eg satsa 100% på friidrettsbana, - om ikkje ennå meir. 

På vinteren varierer eg mellom å springe ute på snøen, og inne på tredemølla. Utandørs på Lillehammer betyr snø og kulde frå november til mars. Det er fem månadar med eit anna underlag, med meir kle og andre sko. I mitt tilfelle sko med pigg. Etter å ha funne dei skoa eg diggar, og som er behagelege på foten spring eg ikkje ein meter på snøen uten pigg. 
Øktene ute går roleg for seg. Det blir enten med vogna med Erle, eller åleine. Eg kler akkurat passe på meg, og legg i veg i eit komfortabelt tempo. Stoppar gjerne og knipsar eit par bilder viss eg møter på nokre fine motiv, og langar på vidare. 
Innandørs på mølla blir det som oftast intervall eller progressiv løpeøkt. Det skal iallfall være eit uhyggeleg vær ute dersom eg løper langturen inne. Det er rett og slett gørr kjedeleg etter mi meining. Eg prøver å få til to økter i veka med høgre intensitet, bortsett frå no når eg skal gå skirenn. Då kuttar eg ned til ei økt.

Langrenn: Som dokke har fått med dokke har eg fått dilla på langrenn, ja både klassisk og skøyting. Det er derimot ikkje noko "nytt" eg har begynt med sidan eg konkurrerte aktivt til eg var nesten 18 år. Langrenn gir meg kondisjon og styrke i heile kroppen. Eg går for det meste lange rolige turar, men legg gjerne inn litt høgre tempo undervegs. Og så blir det ein del skirenn framover som hevar kondisjonen ennå nokre hakk. 
Når det gjeld stilartane likar eg klassisk og skøyting like godt. Eigentleg har skøyting vore favoritten, men etter  x antal turar med klassisk siste 2 mnd. står dei temmeleg likt på favorittlista per dags dato. Eg synes uansett det er gull å kunne variere stilartane då dei belastar ulike muskelgrupper.

Styrketrening: Styrketrening er den tredje treningsforma eg legg tid i. Eg prøver å trene heile kroppen kvar gong eg er på studio ( sidan det ikkje blir meir enn 2 gonger per veke). Knebøy, markløft, utfall, overkropp,mage / rygg er øvelsar og muskelgrupper eg fokuserer på. Og eg synes styrke er veldig morsomt, spesielt når du kjenner framgang.



Vel, dette var litt om mi trening på vinteren. Eg kunne sikkert variert ennå meir, men eg føler denne kombinasjonen held meg skadefri ( ja, med nok mat i tillegg- viktig) og ikkje minst held oppe motivasjonen. Det er også ein viktig del av treninga.

Springerinneklem frå ei som gruar seg litt til skirennet på 42 kilometer komande laurdag......

4 kommentarer

Henriette

04.01.2018 kl.15:12

Både gøy og motiverende å lese om hvordan du trener :-) Hvor mange repetisjoner tar du når du trener styrke? Trener du kun utholdende styrke eller maks også?

springerinne

05.01.2018 kl.12:46

Henriette: Eg trener begge deler.Har ikkje heilt kontroll på det der...hehe...kjører berre på eg:)

linnogjohnny

05.01.2018 kl.12:38

Lykke til på lørdag! Det fikser du lett :) Jeg trener også styrke og løping, men har Taekwondo i stedet for langrenn. Får liksom ikke helt til langrenn - eller slalåm ha ha God helg til deg!

springerinne

05.01.2018 kl.12:46

linnogjohnny: God helg til deg Linn:):)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv