hits

Slik idrettsmassasje skal være!

Eg er ikkje vant til å ta treningsfri. Det er no sann det ein gong er. Eg elskar å trene, og blir fort rastlaus viss det går nokre dagar uten fysisk aktivitet. Ikkje så rart når jobben stort sett dreiar seg om å sitje på ræva og skrive. Joda, det går i hundre når barna er heime, men når dei boltrar seg i barnehagen er det stille hos ho mor. Bortsett frå på trening då.

Vel, imorgon tidleg klokka 0800 reiser eg skivenninne og eg til Budorrennet utanfor Hamar. Der ventar 42 lange harde kilometer klokka 11 til.....eit eller anna tidspunkt. Så tenk litt ekstra på meg dei timane..hehe.. Jo det er heilt frivillig, og eg gler meg meir enn eg gruar meg, men likevel kjenner eg meir på nervane enn eg trudde på førehand. Ikkje på grunn av at det er ein konkurranse mot andre spreke skiløparar, men fordi eg veit det blir tøft siste 10-12 kilometrane. Det er første gong eg skal prøve meg på eit så langt renn, og eg er sjølvsagt redd eg skal gå tom, få ein ordentleg smell, at skia glepper og gjer meg frustrert osv...Men eg har bestemt meg for å opne pent, og ikkje bry meg om damene rundt meg. Dei får gå i sitt tempo, så får eg finne mitt.

Men tilbake til treningsfri. Det har blitt mykje trening i haust, kanskje litt for hardt til tider så låra mine er ganske så stinne av trening. Ikkje i forhold til då eg trente for fullt, men i forhold til der eg er i dag. Så i går tok eg tak, og fekk meg ein massasje time med ei utruleg dyktig dame som eg også har intervjua til Dagbladet eit par gonger. Ho heiter Lizzie Tester ( bilde under) og driv for seg sjølv her på Lillehammer. Ho fann ganske så mange knutar i både sete og i lår, og kjørte på som rakkaren. Eg håpar det skal hjelpe litt. Så det blir fri to dagar på rad no, i håp om at beina er betre i morgon. Men om eg er rastlaus. JA! Det kriblar etter ein løpetur, men dama skal halde seg i ro:) Det blir ho nok glad for etter 30 km i morgon...hehe.

Eg gjekk forøvrig til mykje massasje då eg satsa på friidrett, og prøvde ut ganske så mange forskjellige fysioterapeutar etter kor eg budde. Nokre var utruleg flinke, medan andre så vidt klappa litt på beina og skulle ha 400 kroner for 30 minutt. Det siste er eg ikkje noko fan av. Skal det være hjelp i (for min del), må behandlinga kjennes. Muskelknutar må røskast i, slik at blodsirkulasjonen kjem i gang for alvor, ellers er det lite vits etter mi meining. Dette kan eg vel sei blei gjennomført i går av Lizzie. Eg skreik nesten av smerte. hehe..

Ei dyktig dame som veit å gje idrettsmassasje: Lizzie Tester. Foto: Frå eit oppdrag eg lagde i haust.

Vel, i dag har eg ei sak ute i Dagbladet som er fin for dokke som likar å springe og er opptekne av å velge rett løpesko. Har intervjua ein lege, ein fysioterapeut og ein kar som er veldig glad i løpe ( og ikkje minst eit naturtalent innanfor løping). Løp og kjøp:)

Springerinneklem

 

Én kommentar

Victoria Larsen

05.01.2018 kl.15:00

Det må til med litt pauser også ;-) flink du er!

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv